Interpellasjon frå Hans Haugen, Venstre

Interpellasjon frå Hans Haugen, Venstre.
Kva skjer med Kulturhuset når Høgskulen flyttar ut i august 2012?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Interpellasjon frå Hans Haugen, Venstre.
Kva skjer med Kulturhuset når Høgskulen flyttar ut i august 2012?
Kva vil ordføraren gjera for å trekkja kommunestyret inn i arbeidet med kva som skal skje med Kulturhuset når Høgskulen flyttar ut?.
Framtida til Kulturhuset er av dei viktigaste sakene for dette og neste kommunestyret. Det er svært uheldig at det ikkje har vore nokon orientering eller sak i kommunestyret om kva planar som finst for bruken av Kulturhuset når Høgskulen flyttar ut. Det bør også understrekast kor heldige vi er i Sogndal som har eit kulturhus som langt på veg er nedbetalt. Det er uheldig berre å lesa om problema kommunen får når leigeinntektene fell bort for det kommunalt heileigde eigedomsselskapet.
Kven er ansvarleg for opprustning og ev. ombygging av Kulturhuset slik at det stettar dagens krav og ny bruk av huset når Høgskulen flyttar ut? Til dette må det søkjast om eksterne midlar frå ulike instansar. Kven gjer det? Sogndal kulturhus er eit regionalt kulturhus, noko som vart sterkt understreka av daverande fylkeskultursjef Ledvin Osland. Vi ser her at det er lett for at politikarane vert kopla ut og at det berre vert ei sak i administrasjon og ev. formanskapet.
Sogndal Venstre har tidlegare stilt spørsmål om organisasjonsforma.( det vart også gjort i den tidlegare sakskomiteen). Er det tenleg å ha eit eigedomsselskap og eit driftsselsskap eller kan dei t.d. slåast saman til eit selskap. Eller skal det vera noko selskap i det heile?
Kva skal Kulturhuset brukast til? Ein sakskomite i førre periode arbeidde med dette spørsmålet. Innstillinga frå denne komiteen vart vedteken av dette kommunestyret. Arbeidet i denne komiteen ser ut til å vera grunnlaget for det som skjer i dag. Det må vel vera naturleg å arbeida vidare med også nye spørsmål i dag, for mykje kan ha endra seg på 3-4 år.
Først av alt må det vel vera naturleg å spørja kva kulturaktivitetar som skal vera i Kulturhuset og kor mykje areal dei treng. Her er det mange måtar å sjå det på. Alt frå reine framvisningar av kunst og kultur til formidling og innøving av kulturvisningane. Mange meiner alt dette bør samlast i same huset. Det vil gje eit brukshus for alle typar kultur og samle alle aldersgrupper og gjera huset til ei storstove i Sogndal og for regionen. Dette er ein diskusjon som går dei fleste stader der det vert bygd nye kulturhus. Kritikken er sterk der dei nye bygga berre vert brukte til framvisningar av kultur. Vil vi ha det slik i Sogndal?
Dei ideelle organisasjonane bør også høyrast i denne saka. Alle må må kjenna eigarskap til Kulturhuset. Ideelt sett burde det leggjast fram ulike modellar for bruken og drifta av Kulturhuset. Før alt vert bestemt meiner Venstre det bør haldast folkemøte om Kulturhuset.

Hans Haugen, Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**