Program 2011-2015

Her kan du lese mer om de prioriterte sakene til Ulstein Venstre i den kommende perioden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Frihet til å skape din egen veg til det gode liv. Ansvar for kvarandre og miljøet. Ulstein Venstre. Det liberale alternativet.

Gode Ulstein
Velferda i eit samfunn kan målast etter kor vi tar vare på dei svakaste blant oss og dei som treng det mest. Gode offentlege tenester er viktige for vekst og utvikling. Samtidig er det frivillige arbeidet sjølve limet i eit lokalsamfunn. Kommunen må legge til rette for både organisert og uorganisert aktivitet.

Ulstein Venstre ønskjer:
eit styrka barnevern, med fokus på førebygging og oppsø- kjande arbeid
ei evaluering av Helsestasjon for ungdom og Utekontakt for å gjere tenestene betre
eit mangfald i frivilige lag og organisasjonar ved å sørge for lokaler til øving, oppbevaring og møter
ein levedyktig ungdomsklubb og gode møteplassar for ungdom
å planlegge for ei sentrumsnær arbeidskyrkje
at eldre kan bu og motta tenester i eigen heim så lenge dei kan og vil
tryggleik ved at dei som treng det får sjukeheimsplass

Grøne Ulstein
Grøne kommuner legg til rette slik at den einskilde kan ta miljøhensyn i kvardagen. Det gode bylivet skal vere prega av at folk bur og lever i et sentrum med urban fortetting og eit urbant miljø.

Ulstein Venstre ønskjer:
å sikre vidare utbygging av fjernvarmeanlegg
å gjere SSR til eit redskap for kommunalt miljøvern, ved å sørge for skikkelig kildesortering
ein heilskapleg plan for å regulere trafikk til og frå barneskulen, ungdomsskulen og kulturskulen
å jobbe for eit enda rimelegare Ungdomskort
ein gjennomgåande gang- og sykkelveg i kommunen, prioritet Dragsundbrua – Garneskrysset,
Strandkrysset -Ulstein vgs
gode offentlege møteplassar, parkar og offentlege toalett
bevaring av sentrumsnære friområde
eit varmtbad, ein symjehall og eit moderne folkebibliotek

Kunnskapsrike Ulstein
Framtida begynner i klasserommet. Skulens viktigste oppgåve er å gje den enkelte elev best mogleg kunnskap, gode grunnleggjande ferdigheiter og tru på eigne evner. Ein skole for kunnskap og like mulegheiter krev fagleg sterke lærarar. Å satse på læraren er å satse på eleven.

Ulstein Venstre ønskjer:
å sikre full barnehagedekking også i framtida
å sikre eigna lokaler til SFO
å heve kvaliteten på undevisninga og forbedre dei faglege resultata ved å auke timeressursane i
grunnskulen
å sette av ressursar til kompetansetiltak for lærarane
å utvide skuleområdet ved Ulsteinvik barneskule

Verdiskapande Ulstein
I Ulstein er vi så heldige å ha store verksemder i verdsklassa, som gjev arbeid til fleire tusen menneske i regionen vår. I kjøl- vannet av dei kjem det fram nye småbedrifter og gründerar. Kvart år rekrutterar næringslivet i kommuna nye medarbeida- rar. I 2010 flytta det 409 personar hit. Dei skal vi ta vare på.

Ulstein Venstre ønskjer:
næringsareal og tomter for framtidig vekst
nok bustadtomter og bustadar av ulik type i alle krinsar
meir bruk av Husbankens låneordningar
eit meir aktivt og oppsøkjande Hopp i det-kontor
organisere og igangsettje aktivitetar for innflyttarar

Ulstein Venstre og Venstre sentralt seier nei til eigedomsskatt, formueskatt og arveavgift

Sentrale Ulstein
Det gode liv i Ulstein kan ikkje berre byggast innafor kom- munegrensene. Vi samarbeidar med nabokommunane våre på mange område. Nokre oppgåver er betre å løyse saman, andre oppgåver er umoglege å løyse aleine. Eiksundtunellen har ført til at folk bur på den eine sida av fjorden og arbeidar på den andre. Kvivsvegen og fastlandssamband til Ålesundsregionen vil gje nye moglegheiter.
Vi ønsker fortsatt vekst i Ulstein. Då må vi samarbeide med våre naboar og saman skape framtida. Det er slik næringslivet i kommuna vår har fått suksess; ei skarp konkurranseånd og ei sterk vilje til samarbeid.

Ulstein Venstre seier ja til:
kommunesamanslåing med Hareid kommune
fastlandssamband med Ålesundsregionen
Stadt Skipstunnell
eit gjennomgåande kollektivtilbod frå Hareid til Stryn gjennom Kvivsvegen
å setje som krav eit godt kollektivtilbod ved alle nye samferdselsprosjekt

Ulstein Venstre ønskjer å samarbeide med andre vekstkommunar om ei tilbakeføring av selskapsskatten
til dei kommunane der bedriftene er, og der verdiskapinga skjer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**