Ærast dei som ærast bør

Fylkesordføraren sin siste tale til Fylkestinget denne perioden var mellom anna om alt det positive som skjer i Sogn og Fjordane, og at det var den raud/grøne regjeringa som har æra for dette. Marit Barsnes Krogsæter sa i sitt innlegg etter talen at ho ikkje ville vere samd i dette. – Eg er samd i at det er mykje positivt som skjer i fylket, men eg vil heller gi æra til alle grunderane og andre som tør og satse til tross for dei dårlege rammevilkåra den raudgrøne regjeringa gir dei.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Marit Barsnses Krogsæter

– Dersom tilhøva hadde blitt lagt betre til rette for private næringsdrivande så er det ikkje berre små og store bedrifter som ville ha fått betre vilkår, men også bønder og fiskarar, seier Marit Barsnes Krogsæter.

Fylkesordføraren var også innpå at det var godt å bu i Sogn og Fjordane. – Håpar han har alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane i tankane då. Kor godt eit samfunn er å leve i visast på kor godt vi greier og ta oss av dei svakaste i samfunnet. Her er vi ikkje gode nok etter Venstre si meining. Vi er høgast på dei fleste levekårsstatistikkar, men er alt så rosenrødt, spør fylkestingrepresentanten.

Vi har ein ruspost på Eid som ikkje er opna sjølv om den har stått ferdig i fleire år. Den bør opnast snarast.

Før jul var det eit møte i Florø der søkelyset vart sett på rusproblem i fylket og Sunnfjord spesielt. Her fortalte pårørande om mangel på tiltak og oppfølgjing. Vi høyrde og om tiltak som hadde gitt gode resultat både i inn- og utland. Vi må bry oss, ta tak i problema og ha vilje til å løyse dei. Det kom fram på dette møtet at det dei siste åra hadde vore 10 overdosedødsfall i Sunnfjordregionen. Hadde vi vore like handlingslamma som ombodsmenn dersom 10 ungdomar hadde omkomme i trafikkulukker på eit lite område?

Krisesenteret i Sogn og Fjordane er eit anna eksempel på at vi ikkje er flinke nok til å ta oss av dei som treng ei hjelpande hand. Her vart det vedtatt at dei statleg løyvingane skulle først over i rammene til kommunane, og at kommunane skulle være ansvarleg for drifta. Venstre stemde mot dette på Stortinget. Venstre synest den modellen vi hadde med 80% av løyvingane frå staten og resten som bidrag frå fylket og kommunane. Det som skjedde no er at kommunane løyvde det dei fekk overført i rammer og ikkje noko meir. Fylkestinget reduserte bidraget i år med 100 000 kroner, mot røystene til oss borgarlege (V, H, Krf og FRP). Lurer på om dette er eit forsøk frå dei raud/grøne til å få Krisesenteret over på offentleg styring. Venstre synes Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane fungerer svært bra.

Eit tredje døme er Livsmeistringssenteret på Skei. Dette er aldri skikkeleg kome i gang. Sjølv om løyvingane har vore små, så er det gledeleg at to dagar etter at Venstre la fram sitt alternative budsjett med pengar til Livsmeistringsenteret, løyvde dei raud/grøne den same summen til Livsmeistringssentert som Venstre foreslo.

– Ærast dei som ærast bør for alt det positive som skjer i fylket, og det er ikkje dei raud/grøne, avsluttar Marit Barsnes Krogsæter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**