Venstre prioriterer forsking og utdanning

– Regjeringa har fått mange fleire milliardar å bruke, men av dette har ein veldig liten prosentdel gått til forsking. Og regjeringa har kutta på viktige område som til dømes klimaforsking siste året. Det er eit døme på underlege prioriteringar i forhold til utfordringane vi står overfor, seier Trine Skei Grande til Forskerforum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Trine Skei Grande

Trine Skei Grande

I siste utgåve av Forskerforum er Venstres leiar intervjua. Tidsskriftet fokuserer mellom anna på at Venstre skal besøkje 700 norske kunnskapsinstitusjonar for å meisle ut ny politikk for forsking og utdanning.

Les meir: Venstres kunnskapskampanje

Viktigst for Venstre
– Kunnskapspolitikken er kjerna i alle dei politiske områda som er viktigast for oss: Klimapolitikken, fornying av velferdsstaten, alt må skje gjennom kunnskap. Det er nøkkelen til alt eg driv på med. Eit samfunn som misser respekten for kunnskap, kan ikkje vekse, seier Trine Skei Grande.

Les Forskerforum: Portrett Trine Skei Grande: Stille i salen (s. 20 — 23)

Tidskriftet Forskerforum: Portrett Trine Skei Grande

Foto: Faksimile Forskerforum

Fri forsking
Ei forskingssak der Skei Grande og Venstre har fått gjennomslag, handla om ytringsfridom: Eit samla Storting støtta i fjor Venstres forslag om å tydeleggjere den akademiske fridomen for forskarar som ikkje er omfatta av universitets- og høgskolelova.

— Eg var glad for vedtaket, men eg er ikkje sikker på kva som kjem til å kome ut av det, seier Skei Grande til Forskerforum.

– Eg trur ikkje at oppdragsforskinga for regjeringa er det verste. Eit større trugsmål er det nok at handlingsrommet til forskarane krympar av andre grunnar: Byråkratiseringa og søknadsprosessane kan få dei gode ideane til å forsvinne i papir, påpeikar Trine Skei Grande.

Meir info:
Les: Studentpolitikernes dom over de politiske partiene i Oslo. Venstre er soleklar seierherre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**