Tok opp trafikksikkerhet og kapasitet på Tau-fergen

Trafikksikringa for dei mjuke traffikantane på dette fergesambandet er svært kritikkverdig, uten fysisk skilje til der trailerane køyrer. Seinast fredag 6. mai fekk ein passasjer eit stygt kutt i hovudet, og besøk på legevakta fordi han snubla i flapsen til nedre bildekk, seier Venstres Gro Skartveit som tok saka opp i Samferdselsutvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


-Når passasjerane skal gå i land må dei gå frå bildekket på eit smalt "fortau", ca 40 cm. Å leie eit barn, eller bære ein bag er umogleg utan at barnet/bagen kjem ut i køyrebanen på bildekket, seier Skartveit. -Det er berre plass til ein smal person i breidda.

Gro Skartveit, Finnøy, Rogaland

Foto: Tone Staven

-Særleg i sommarhalvåret er det mange turistar som reiser, og utan bil. Dei kjem gjerne ned på dekket på motsatt side av der ferga legg inn til kaien og må då krysse bildekket for å kome av.
-Ein er kanskje heldig at det ikkje har skjedd fleire og alvorlige personskader, seier Skartveit som i samferdselsutvalget spurte: Kva fylkeskommunen vil gjere for at trafikksikkerheten til passasjerande vert tilfredsstillande?

Fylkesrådmannen opplyste at de ville ha kontakt med Tide og be om at kontraktkravene blir fulgt.
Sikkerhet for biler og passasjerer skal følges.


Kapasiteten

Tide sjø vant i si tid anbodet for strekninga Tau-Stavanger der kapasiteten skulle vere 110 bilar på kvar ferge. På teikningane av dei tre søsterfergene som Tide har sendt til Statens vegvesen er desse 110 bilplassene vist på dekk.
-I etterkant er det imidlertid satt opp eit stengsel i kvar ende av bildekket for å skilje passasjerar og bilar, dette stengselet fører til at 8-10 bilplasser forsvinn på kvar av dei tre fergene. Og ettersom eg ser det vert ikkje anbodskravet på denne måten oppfylt, seier Skartveit.
-Tide sjø har uttalt til media at det er plass til 110 bilar om bord sjølv om desse stengsla er oppe. Men det er ei kjent sak at det sjeldan vert lasta meir enn 95 bilar om bord. Bilane vert heller ikkje stua godt nok, seier Skartveit.
I ein kommentar i media overlet Tide dette ansvaret til sjåførane.

-Kva kan ein gjere for at fergene tek med 110 bilar som anbodet seier, utan at dette går ut over trafikksikkerheten? Tide seier sjåførane har ansvar for at flest mogleg bilar kjem med. Men mange sjåførar er ikkje vand med å reise med ferga. Kan Tide leggje ansvaret på desse for at selskapet ikkje overheld den kapasiteten dei lova i anbodsrunden, spurte Skartveit.

Samferdselssjefen sa heilt klart at Tide må fylgje krava dei har gått inn på i anbodet, og det er dei som har ansvar for å fylle opp fergene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**