Endeleg er Voss Venstre på Facebook att!

Vyrde Venstre-vener: nytt sjansen til å lika det sentrale, liberale partiet i Voss kommune ‒ no på Facebook!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Etter ei stunds utforskap, grunna feilval av tilknyting til Facebook førre gong(underteikna er skuldig i så måte), er Voss Venstre på Facebook att. Me reknar sjølvsagt med å ta sosiale media med storm…

Det hadde vore utruleg kjekt om akkurat du ville vore den som "likte" oss på Facebook!

Thumbs Up

Foto: Ukjent

Tanken med Voss Venstres nærvær på Facebook er enkel å forklara, og den er samstundes sjølvsagt for oss: Me er medlemer av ein liberal idétradisjon som alltid har satt openheit, demokrati og dialog høgt.

I 2011 er Facebook eit verktøy for å oppnå desse vilkåra, og då lyt me som ombodskvinner- og menn nytta oss av dei moglegheitene me har, for me vil gjerne koma i dialog med nettopp deg om du har noko på hjarta!

Me talast, liberalarar. Kanskje på Facebook?

Sjå Facebook-sida vår her: https://www.facebook.com/pages/Voss-Venstre/120402984711554

Med liberal helsing

Knut Olav Nestås

Leiar, Voss Venstre

Kandidater til valg 2011, Venstre logo

Foto: Steinar Haugsvær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**