Voss Venstre tullar ikkje med pengar!

Voss Venstre er svært uroa over den økonomiske utviklinga i Voss kommune. Tredje kvartalsrapport frå i fjor såg ut til å enda med ein minus på 3,9 millionar, men vart til eit underskot på 15,7 millionar ved årsskiftet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I sist formannskapsmøte stilte Venstres ordførarkandidat, Torstein Gunnarson, kritiske spørsmål vedkomande den økonomiske stoda.

Økonomisk balanse

Foto: Microsoft

I avisa «Hordaland» tysdag 31. mai er Gunnarson m. a sitert som følgjande: – Korleis kunne dette skje? Me hadde kvartalsrapporten føre oss i kommunestyret 25. november. Så eg lurer: korleis kunne eit venta underskot på 3,9 millionar i november enda opp med 15,7 millionar i minus ein god månad seinare? Sjølv kan ikkje eg sjå meir enn to mogelege forklaringar: Anten har ikkje rådmann og kommunalsjefar oversikt. Eller så har dei ikkje styring.

Venstre-politikaren peika særskilt på overskridingane ved helse- og sosial, og teknisk sektor, som var venta å gå i balanse, som uforståeleg og merkeleg. For å koma i balanse vart millionar, som vart avsett til pensføremål, nytta for å bringa balanse ved årsslutt. Venstre meinar dette er kritisk, og Gunnarson peika på at fondet no er så godt som tømd, og at ein ikkje har ei vidare oversikt over korleis desse kostnadane vil utvikla seg utover i 2011.

Rådmannen tilbydde formannskapet ei grundigare orientering om kvifor minustala oppsto, men Gunnarson peika i staden på den generelle økonomistyringa som problematisk. – Nei, det har lite for seg. Kvifor det vart slik, les me greitt nok i årsmeldinga. Det eg ynskjer ei betre forklaring på, er kvifor administrasjonen ikkje såg dette alt då me i november og desember i fjor laga kommunebudsjettet for 2011.

Penger, økonomi

Foto: Microsoft

Leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, er òg kritisk til utviklinga: – Me i Voss Venstre har tidlegare peika på behovet for langsiktige planar for investeringar, og ei meir nøktern budsjettering, noko me så langt ikkje har fått gjennomslag for i budsjettsamanheng, men definitivt vil jobba vidare med. Dei raudgrønes overbudsjettering ved førre korsveg lyt me betala prisen for no.

– Slik kan me ikkje halda fram om me skal få gjort reelle politiske prioriteringar dei neste åra. Voss Venstre ynskjer ein debatt om prioriteringar framover, for me kan ikkje godta at desse problemstillingane kjem att seinare. For oss er dette enkelt: Voss Venstre tullar ikkje med pengar, og me vil heller ikkje stillteiande sjå på at andre gjer det, avsluttar Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**