Fjaler Venstre med kampanje for miljøbevisst handling

Fjaler Venstre markerer verdens miljøverndag i år ved å setje fokus på all maten som vert kasta. Vi har samla nokre tips for korleis kvar og ein kan gjere litt lokalt mens ein tenkjar globalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

framside brosjyre

Foto: AE

Laurdag 4. juni kjem Venstre til å dele ut brosjyrar ved butikkane i Fjaler med råd og vink for å ta litt betre vare på maten. I Noreg vert det kasta mykje mat, både privat og frå butikkane, som kunne vore brukt. Det er eit tankekors når vi veit at folk manglar mat i andre delar av verda.

Maten som vert kasta skapar òg eit avfallsproblem. Alle saman kan vi bidra litt neste gong vi handlar. Det finst mange måtar å bruke matrestar på. Restemat er som regel enkelt og raskt å lage. Vi har teke med nokre tips i brosjyren. Om du ikkje får brosjyren på laurdag kan du laste han ned frå heimesida her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**