Ope møte om Stord sjukehus!

Stord Venstre vil ønskja alle velkommen på eit ope møte angåande Stord sjukehus. – Den noverande situasjonen må forbetrast. Møtet vert 9. Juni kl. 20.00 på Rehabiliteringssenteret på Stord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Kjære Sjukehusvenar

Me planlegg eit ope møte på Stord angåande sjukehuset.

– 9. Juni, kl. 20.00 på Rehabiliteringssenteret –

Stord Venstre

Foto: Venstre

Mange opplev at sjukehuset på Stord er i faresona på fleire områder. Det kan vera mange årsaker til dette, men slik me ser det så er løysinga ein annan enn den eksisterande Helse Fonna.

Me ønskjar at ein avviklar samarbeidet med fylkessjukehuset i Haugesund og heller utviklar eit tettare samarbeide med Universitetssjukehuset i Bergen — Haukeland.

Me ser for oss eit møte der det er representantar frå USB/HS og representantar frå fagforeininga ved Stord sjukehus deltar. Og sjølvsagt alle som har interesse ovanfor Stord sjukehus.

Målet med møtet er å få fram fakta om situasjonen og framtida for Stord sjukehus. Kva gjer me for å ta att den sentrale rolla sjukehuset har hatt på Stord.

For å lesa meir om Stord Venstres politikk rundt lokalsjukehusa, besøk;
«Ja til Stord Sjukehus inn i Helse Hordaland»
https://www.venstre.no/hordaland/stord/artikkel/34379/

Venstres flygeblad om Stord Sjukehus

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**