Lokalpolitisk nettverk i Ulsteinvik

Helga 29.-30. mai var det fjerde samling i Lokalpolitisk nettverk for Møre og Romsdal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Austefjorden

Foto: Britt Nikolaisen

Desse samlingane går ut på å skulere og kurse medlemmar i Venstre sin politikk. Både dei som sit i kommunestyra rundt omkring og vanlege medlemmer som vil lære meir. Det var som vanleg godt oppmøte frå Giske Venstre, med 6 utsendingar.
Vi hadde besøk av miljøpolitisk rådgjevar for Venstre på Stortinget, Audun Rødningsby, og han testa ut kunnskapen vår kring miljø, og dei utfordringane vi står framføre.

Fylkeslagsleiar Helge Hamre frå Volda Venstre tok oss med på ein flott tur innover fjordane. Vi var på eit bedriftsbesøk i Volda, befaring på Kvivsvegen og til slutt paddesafari i Austefjorden!Det er heile 12 000 padder som held til i Lisjevatnet innerst i fjorden, og dei har fått gode forhold til å leve etter at Statens Vegvesen bygde kulvert under vegen. No kjem paddane seg heilskinna ned til vatnet, og menneska har fått ny, flott veg. Flott å sjå at det biologiske mangfaldet vert ivaretatt!

Helge Hamre fortel om paddane i Austefjorden

Foto: Britt Nikolaisen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**