Ungdom og Lokalpolitikk

Det var ein flott debatt på Stordtinget om korfor ungdom er så lite aktiv i lokalpolitikken. Lesarinnlegg frå Stord Venstres Ungdomskandidat, som var på trykk i Sunnhordland 18. Mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ungdom i Lokalpolitikken

Det nyleg avhalde Stordtinget tok for seg temaet «ungdom og lokalpolitikk». Problemstillinga var korfor så få ungdom engasjerar seg i lokalpolitikken eller politikk forøvrig. Eg var så heldig å få lov til å vera med i debattpanelet for Stord Venstre, noko som passa seg høveleg som partiets ungdomskandidat.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Under debatten blei det spurt fleire spørsmål om blandt anna kvifor eg ikkje var høgare på lista til Stord Venstre. Og ein kan lesa i Sunnhordland fredag at det er ringrevar som gjennomgåande tek dei øverste plasseringane og kummuleringane, samt nyttar hersketeknikkar for å halda ungdommen vekke. Dette gjeld iallfall ikkje for Stord Venstre.

Det var ingen eldre ringrevar som kjeppjaga oss yngre ned på listene. Dette var våre heilt eigne frie val. I mitt tilfelle var det at eg ynskja fortena ein plass i kommunestyret som ung kandidat, heller enn å ‘automatisk’ få tildelt ein plass eller alderskummulert inn på bakgrunn av min unge alder. Eg trur at veljarane på Stord er fullt ut kapable til sjølv å bestemma kven dei vil at skal representera seg i kommunestyret. Nominasjonskomiteen var klar på at dei ynskja ein ungdomskandidat høgare opp på lista, og utover vår flotte ordførarkandidat er det heilt opent for veljarane sjølv å påverka kven som skal representera Stord Venstre i kommunestyret, vera det seg unge, eldre, menn eller kvinner.

Unge og engasjerte mennesker har ein, men ein skulle gjerne sett fleire av dei innan politikken. Her ramsar Sunnhordland opp fleire av dei gode poenga som kom fram i debatten. Eit av desse var at skulevala skal ta for seg lokale saker når det er lokalval, ikkje det sirkuset ein ofte opplevar når det kjem folk frå Bergen som ikkje kjenner til budsjettunderskot, boligproblematikken eller kva det betyr å leggja ferjekaien til Huglo eller Leirvik. Her har eg ei utfordring til dei andre partia. Kan ein i haust få sjå unge skuledebatantar som er frå Stord eller i det minsta har ei tilhøyrsle her? Det kjem det frå Stord Venstre. Lokalvalet skal handla om lokale saker, ikkje billegare rus og raskare mopedar.

Eit anna poeng som vart tatt opp var å sleppa ungdommen til. Ein må sleppa oss til i media og sleppa oss til på skular. Personleg har eg ikkje møtt noko problem her, eg har utan noko form for motstand fått både vitja Stord Vidaregåande, Bømlo Vidaregåande og Kvinnherad Vidaregåande og fått ha stand og delt ut Unge Venstre-materiell. Lesarinnlegga mine har kome på trykk i Sunnhordland og eg har fått lov å delta i debattpanelet på Stordtinget. Men det eg saknar, som eg også sa i debatten var å bli invitert. Eg skulle gjerne sett at skular sjølv organiserte politiske dagar, utanom valkampane. Der kunne ein gå djupare inn i tema, og latt elevar sjølv delta og sei sine meiningar. Eg skulle ønska at media i større grad spurte ungdom og unge politikarar (iallfall hos dei partia som har det) om deira meiningar på sakar. Ved å oppsøka såvel som å tilretteleggja og invitera ungdom trur eg at ein i større grad vil få ungdom til å engasjera seg i (lokal)politikken.

Det står ikkje på engasjement hos ungdommen, men meir tilgjenge på deltaking. På Facebook er hundretusenvis av ungdom medlem av grupper med forskjellige meiningar, fordi her er det høve å delta i eit forum ein enkelt får tilgong til. Ein bør streba etter å gjera dei politiske handlingsforuma meir tilgjengelege for ungdom.

Geir Angeltveit
Ungdomskandidat for Stord Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**