Tyskland viser veg!

I 2022 er det slutt for alle atomkraftverk i Tyskland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Dounreay-anlegget

Dounreay-anlegget
Foto: Dounreay Visitor Center

Det har den tyske regjeringa bestemt, og nå kjem ein detaljert plan for alternativ energi. 22 % av energiforsyninga i Tyskland kjem frå atomkraft. Det er grunn til å glede seg over den nye tyske energipolitikken. Tyskland og verda elles blir tryggare. Vedtaket vil sette langt større fart i arbeidet med forsking, planlegging og utbygging av vindkraft, solenergi og alle andre former for alternativ og fornybar energi.
I 2010 var CO2-utsleppa høgare enn noen gong før, og mange har forsøkt å argumentere for atomkraft for å redusere CO2-utsleppa. Det blir ikkje alternativet for Tyskland. Forureinande industri er ikkje akseptabel. Tysk industri er ein heilt annan og mykje meir framtidsretta og miljøvennleg enn da eg gjekk i demonstrasjonstog mot sur nedbør i Hamburg i 1975. Tyskland har endra seg mykje etter opprenskinga i Ruhr-distriktet og andre industriområde i vest og ryddearbeidet etter dei enorme miljø-øydeleggingane etter nesten 50 år med sosialisme i DDR. Den tyske avviklinga av atomkraft kan vise seg å bli drivkrafta som kan mangedoble tempoet i utvikling og bruk av fornybar og miljøvennleg energi. For alle oss som har kjempa mot atomkraft og for fornybar energi i mange år, er det grunn til å rette ein stor takk til Tyskland.

Jan Kløvstad
Sekretær i Agder Venstre
Tidlegare leiar i Aksjonen Norge mot Dounreay

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**