All makt i kva slags sal?

I Formannskapsmøtet 26. mai blei det føreslått at ei arbeidsgruppe skulle opprettast med målsetnad om avverning av Raundalselva. Dette for å følgja opp fleirtalsvedtaket om opphevinga av vernet frå kommunestyremøtet 12. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik(Ap) var ueinig med Venstres Torstein Gunnarson som ynskte saka utsett, for som ho sa: – Difor ville det vera feigt av meg som ordførar å berre skyva saka fram. Venstre er ueinig i dette, då Soria Moria-erklæringa, som ordførarens eige parti er arkitekt bak, stengjer for ei kvar nyvurdering av verneplanar fram til 2013 ‒ noko ordføraren sjølvsagt veit, men vel nonchalant å oversjå.

Stortinget

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Det oppsiktsvekkjande var at arbeidsgruppa skulle sjølv få avgjera sitt mandat. Med tilvising til at det blir det nye kommunestyret som i stor grad vil få med saka å gjera, føreslo Venstre at saka skulle utsetjast til etter kommunevalet. Berre KrF støtta dette, medan våre tidlegare allierte i SV tydelegvis kom på "betre" tankar. I eit sekundært forslag føreslo Venstre m.a. at mandatet for arbeidet skulle vedtakast av KST og at nokre av medlemmene i arbeidsgruppa skulle veljast av det nye kommunestyret. SV og KrF støtta dette. Men Venstre-forslaga fall. Likevel fekk Venstre gehør for at arbeidsgruppa skulle rapportera til kommunestyret.

Teamleder

Foto: freedigitalphotos.net

Det skulle då berre mangla Saka er nok eit eksempel på eit korrumpert og manglande demokratisk sinnelag frå parti som har hatt makta for lenge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**