Venstre største partigruppa i kommunestyret

Askvoll Venstre si kommunestyregruppe har frå februar blitt størst i Askvoll. Turid Mattevik og Bjørn Arne Mjåseth gjekk frå Senterpartiet etter valet og har vore upolitiske representantar i kommunestyret til dei i februar meldte seg inn i Venstre. Vi er veldig glade for å ha dei med på laget vårt!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Kommunestyregruppa til Askvoll Venstre:
Linda Ness Rotihaug, Askvoll (Gruppeleiar, leiar i utval for helse og sosial)
Gunnar Osland, Kvammen (Formannskapsmedlem)
Kåre Jarl Haugen, Atløy (Medlem av kontrollutvalet)
Ove Nesberg, Askvoll (Medlem av utval for Teknisk sektor)
Gunhild Berge Stang, Stongfjorden (Medlem av utval for kultur og næring)
Bjørn Arne Mjåseth, Atløy (Formannskapsmedlem)
Turid Mattevik, Atløy.

Bjørn Arne Mjåseth har sagt ja til å vere vår ordførarkandidat ved komande val. Turid Mattevik er nr. 5 på kommunevallista, men ho har no søkt om fritak grunna overtaking av ny frisørsalong på fastlandet og at ho er aleinemor. Ho ser det som vanskeleg å kombinere å vere fast medlem i kommunestyret frå hausten av om ho vert valt inn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**