Frp har ingen integreringspolitikk

Frp likar å seia at ein må kalla ein spade for ein spade, og dette er eg einig i. La oss derfor straks slå fast at Frp sin «integreringspolitikk» ikkje har som formål å integrera innvandrarar i det norske samfunnet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Øystein Brekke

Christian Tybring-Gjedde har fått mykje merksemd for talen sin om integrering på Frp sitt landsmøte. Formålet er åpenbart – å skapa konflikter og å skremma etnisk norske veljarar til å tru at muslimar er farlege, slik at Frp skal få fleire stemmer.

Om Frp var opptatt av integrering av innvandrarar, ville dei prøvd å gjera noko med dei reelle utfordringane mange utlendingar står overfor. Mange etniske nordmenn vil ikkje leiga ut leilegheiter til dei. Mange opplever at det er nærmast umogleg å få jobbintervju, uavhengig av kor gode norskkunnskapar dei har, viss dei har eit utanlandsk-klingande namn. Folk med utanlandsk utsjånad slepp ikkje inn på utestader.

Alt dette veit me. Dette er problem som krev at kloke hovud set seg saman og prøvar å finna løysingar, slik at innvandrarane føler at det norske samfunnet faktisk vil at dei skal integrera seg. Det har stikk motsett effekt når prominente politikarar står fram og legitimerer framandfrykt og -hat.

Tybring-Gjedde sine sure oppgulp var formulert som ei utfordring til Høgre og Arbeidarpartiet. Her i Bergen sit Høgre i byråd med Frp. Kva svarar Høgre på utfordringa? Er Høgre einige med Frp i at integreringspolitikk bør byggast på mistenkeleggjering av muslimar og oppbygging av fiendebilete?

Øystein Hellesøe Brekke
Nestleiar i Åsane Venstre

Innlegget sto på trykk i BT fredag 20. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**