Godt årsmøte i Hå Venstre

Hå Venstre har hatt årsmøte med solid frammøte som vanlig. Årsmøtet handsama alle vanlige årsmøtesaker i tillegg til ein frisk og engasjerande politisk debatt. Året har vore prega av normalt politisk arbeid både lokalt og på fylkesplan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Tom Henrik Rosseland

Foto: Jon Arne Silgjerd

Leiaren i Hå Venstre, Tom Henrik Rosseland, er også kasserar i Fylkesstyret noko som gir god kontakt med det politiske arbeidet elles i fylket og styremedlem Jon Arne Silgjerd har også vore medlem i programnemnda til fylkestingsvalet.

Hå Venstre kan skilta med ein auke i medlemstalet på 20% det siste året og er svært nøgd med det.

Det vart valt nytt styre som nå ser slik ut:
Leiar — Tom-Henrik Rosseland,
Kasserar — Mindor Hatlegjerde,
Sekretær — Jon Arne Silgjerd
Styremedlemmer — May-Linn Njærheim og Janet Johansen.

Årsmøtet noterte seg tilfreds at Hå kommune no skal kringkasta kommunestyremøta på web-tv, eit forslag som Hå Venstre har fremja fleire gonger tidligare. I tillegg klaga Venstre på måten kommuneplanen vart rullert på og her fekk Venstre uventa hjelp av fylkesmannen til dette forslaget. Truleg vil dette i framtida gi ein ny måte å rullera kommuneplanen på som er meir i tråd med Vestre sitt syn.

Ei lang rekke saker som er aktuelle i den komande valkampen vart også drøfta for å sjå på korleis lokallaget skal involvera seg i denne.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**