Jan Kenneth Stavenes i viktig komite om velferdspolitikken

Fylkesstyremedlem og fylkestingskandidat Jan Kenneth Stavenes er ein av ni som skal leie arbeidet med Venstres velferdspolitikk fram til landsmøtet i 2012. Stavenes er til dagleg soneleiar i heimesjukepleia i Kristiansand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Les meir i protokollen frå sentralstyremøtet:

SS-39/11 Landsmøtetema 2012: Velferd når du treng det Vedtakssak

Vedtak:
1. Det vert sett ned ein komité til å førebu hovudsak for Landsmøtet 2012 "Velferd når
du trenger det". Medlemmer vert:

Jan Kenneth Stavenes

Jan Kenneth Stavenes
Foto: Jan Kløvstad

 Per Thorbjørnsen, leiar
 Maria Serafia Fjeldstad
 Odd Einar Dørum
 Toril Berge
 Olav Kasland
 Guri Melby (med vara Mona H. Hellesnes)
 Jan Kenneth Stavenes
 1 representant frå sideorganisasjonane
Leiartrio får mandat til å på høveleg vis supplere ein person med samfunnsøkonomisk
bakgrunn.

2. Komiteen skal:
a. Med utgangspunkt i gjeldande stortingsvalprogram, vedtekne fråsegner og representantforslag frå Stortingsgruppa, koma med forslag til vidare- og nyutvikling av Venstres velferdspolitikk.]Komiteen skal særleg konsentrera seg om følgjande velferdsoppgåver/-felt:
1. Spesialisthelsetenesta; innhald, arbeidsfordeling og organisering.
2. Samarbeidet og arbeidsdelinga mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta, og oppfølging av samhandlingsreforma.
3. Fattigdomsproblematikken; særleg den som rammar barn.
4. Grenseoppgangen mellom privat og offentleg ansvar.

b. Ved behov knyta til seg ekstern kompetanse og/eller etablera referanse-
/undergrupper innanfor eit nærare spesifisert arbeidsfelt.

c. Sikra at temaet pregar Landsmøtet og teiknar ein klar profil av at dette er ei
hovudsak for Venstre. Skildra Venstres ærend på dette feltet profilmessig og
strategisk. Handsaminga i landsmøtet skal munna ut i eit vedtak; til dømes som ei
kortfatta fråsegn.

d. Koma med eit førsteutkast klar for organisasjonsbehandling seinast 18. november
2011. På dette tidspunktet skal det også ligge føre framlegg til opplegg for
organisasjonsbehandling og handsaming på landsmøtet 2012.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**