Venstretopp vitja Nordhordland

I førre veke vitja Venstretopp Mona Hellesnes fleire kommunar i Nordhordland saman med lokale kommunestyrekandidatar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Mona Haugland Hellesnes

Foto: Mathias Fischer

Hellesnes fekk mellom anna sjå korleis den planlagte luftlina mellom Mongstad og Kollsnes skjærer gjennom kystlandskapet. NVE vil at det skal reisast 60 meter høge kraftmaster gjennom området. Listetoppen ved det komande fylkestingsvalet trur Nordhordland har ei betre sak enn Hardanger hadde.

– I Hardanger måtte vi gjera eit nybrotsarbeid. Vi tok ein kamp ingen andre har tatt før.

Ho har meir tru på BKK enn på Statnett.

– Det er jo spesielt når NVE tilrår ei løysing som faktisk er verre enn den BKK sjølv ønskjer å gå for. Det seier vel alt om kva haldning ein møter oppover i systemet.

Hellesnes vitja Lindås, Radøy og Austrheim saman med femtekandidat på fylkestingslista Rolf Nesheim, og dei lokale ordførarkandidatane Frode Hervik (Radøy), Aashild Halland (Lindås) og Liv Ulvøy (Austrheim). Du kan lese meir om saka i laurdagsutgåvene av både Strilen og Nordhordland.

Rolf Nesheim

Foto: Marta Kvikne

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**