Det var NRK som i går avslørte at Tord Dale overfor lokale Senterparti-folk har kome med grove, feilaktige påstander om det faglege nivået på Nordfjord sjukehus.
Dette er ikkje første gong Ap-statssekretær Tord Dale driv med ureint spel for å undergrave posisjonen til Nordfjord Sjukehus. Han har tidlegare bløffa om reiseavstander i Nordfjord, om storleiken på «nedslagsfeltet» til Nordfjord sjukehus og kome med grove påstander om kysten av Nordfjord som ein «nedgangsregion» det ikkje er så farleg med i framtida.
Det ferskaste dømet på at Tord Dale driv som privatpraktiserande dommar over grunnleggande helsetilbod i Nordfjord, er at han vil at Nordfjod skal ha eit medisnisk akuttilbod utan anestesilege. Dette står i direkte motstrid både til Regjeringsvedtaket om at Nordfjord sjukehus skal ha eit medisinsk akuttilbod som i dag, og til alle faglege synspunkt på kva eit lokalsjukehus med akuttfunksjon må innehalde.
– Det er også kjent at Tord Dale har ringt opp lokale sjukehusaksjonistar og prøvd å overtale dei til å trekke seg frå den offentlege debatten. Det er sjølvsagt heilt uhørt av ein Statssekretær i eit ansvarleg fagdepartement, seier Bjørlo.
– Folk i Nordfjord kan ikkje leve med å ha ein statssekretær i helsedepartementet som driv vedvarande propagandakrig mot sjukehuset i Nordfjord, og no også kjem med grove, feilaktige påstander i skjul om det faglege nivået på sjukehuset, seier Alfred Bjørlo.
Han utfordrar lokale Arbeiderparti-folk, spesielt nestleiar i Sogn og Fjordane Ap Sonja Edvardsen som også er ordførar i vertskommunen til Nordfjord sjukehus, til å ta initiativet til Tord Dale sin avgang som statssekretær i Helsedepartementet..