Voss Venstre med 9,9 % på ei lokal meiningsmåling!

Ved førre lokalval i 2007 fekk Venstre 7,8 %. Målinga, som vart publisert i avisa “Hordaland” 30. april, illustrerar at Venstre framleis kan bli ein av valvinnarane i valet til hausten, akkurat som partiet vart i 2007. – Det syner at me har jobba godt over tid, seier lokallagsleiar Knut Olav Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Logo, Venstre

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Venstre veks framleis i Voss kommune, noko også lokallaget har fått merka. – Veldig kjekt, og sjølvsagt inspirerande framføre lokalvalet, seier lokallagsleiar Knut Olav Røssland Nestås. – Me har òg hatt ein svak, men jamn vekst i medlemstalet i Voss over fleire år no. Det tolkar me som ein indikasjon på at vossingane vil ha eit liberalt og borgarleg parti med klart fokus på m. a klima- og miljøpolitikk, nærings- og bustadutvikling, samt eit klart fokus på å styrkja lokaldemokratiet gjennom auka openheit og sterkare politisk styring.

– I tillegg er det ikkje tvil om at Venstre har vore på bana når det kjem til kommunens økonomi, og å sørgja for at den vert sunnare, over tid. Kun med ein sunnare kommuneøkonomi kan me gjera reelle prioriteringar, som m. a investeringar i skulen, i velferda og for å styrkja næringsutviklinga.

Penger, økonomi

Foto: Microsoft

Ei meiningsmåling i august gav Voss Venstre 10,9% av stemmene, så partiet har vel i realiteten gått ned i oppslutnad?

– Nei, nei. Eit parti kan gå ned i oppslutning ved val, ikkje mellom val ‒ heldigvis for Arbeidarpartiet, kan ein kanskje seie, særskilt etter sakene om monstermaster, eigedomsskatt og utbyggingsforslaget om det verna vassdraget i Raundalen, seier Nestås.

– Om me skulle få ca. 10 % av stemmene, så vil sjølvsagt det vera ein stor siger for oss, sett oppimot oppslutninga me sanka i 2007, som jo òg var god, presiserar Venstre-politikaren.

Trapp

Foto: Tore Rykkel

– Alt over 9% vil ‒ faktisk ‒ vera ei dobling av valresultatet frå 2003, og det er kjempebra, uansett korleis ein vrir og vender på det! Me er i vekst, og det er trass alt det viktigaste, for Voss treng liberal politikk!

Meiningsmålinga i august synte til at Venstre var det største partiet blant ungdom(dei under 30 år), medan ein no i april ikkje nådde fram blant dei unge, men gjorde det godt blant veljarar over 60 år, kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at me i meiningsmålinga denne gongen tilsynelatande gjorde det bra blant dei over 60 år, og bra blant ungdommen i august; det syner at Venstre har ein politikk som har eit potensial både blant ungdom og godt vaksne. Litt av forklaringa på dette spennet ligg nok i det at Venstre er eit idéparti, i motsetnad til andre parti som kanskje sankar stemmer hjå meir klart definerte grupper, både i høve alder, yrke og utdanning. Som eit liberalt og borgarleg parti med miljø, skule og næringsutvikling som sentrale saker, lyt me innfinna oss med at me ikkje kan nå alle. Det lever me godt med. Men eg både trur og håpar at meiningsmålinga frå august, og nasjonale tendensar slår til, slik at Venstre vert eit parti som står sterkt blant ungdom òg.

Studenter, høgskole, universitet, studier

Foto: Microsoft

Men kva kan vossingane rekna med om dei skulle stemma på Venstre, og gjera partiet større ved neste val, då?

‒ Me har definitivt gitt gass i kommunestyre, formannskap og andre utval dei siste fire åra. Eg kan med handa på hjertet seie at me ikkje skal gje mindre gass med ein eller to representantar til i kommunestyret. Det skal eg personleg stå inne for at me kjem til å gjera, faktisk!

Nestås utdjupar vidare: – Med eit større og sterkare Venstre vert det klarare fokus på ein liberal politikk til gode for utvikling av m. a skule, kultur, næringsliv og miljø. Dessutan vil Venstre gjera alt som står i vår makt for å få til ein omkamp om utbygginga av det verna vassdraget i Raundalen! Klassisk naturvern har aldri vore viktigare enn no, og me treng ei mobilisering.

Om vallista seier Nestås: ‒ Me har også ei flott liste eg personleg er stolt over ‒ og ein stor takk til leiaren av nominasjonsgruppa, Geir Inge Kvitne, for flott innsats!

På lista finn ein eit vidt aldersspenn, og både høge og låge med alt ifrå studentar, pensjonistar, samfunnsrefsarar, kunstnarar, skribentar, psykologar og gründarar.

‒ Eg trur kommunestyret kunne blitt riktig interessant og underhaldande om me så kun hadde fylt det med Venstres valliste, men eg håpar andre kjem inn òg, så har me nokon å debattera med, avsluttar Nestås spøkefullt.

Stem Venstre!

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**