Vi har sett bilde som syner at regjeringshæren skaut på sivile med tunge skyts. Mange av dei
norske tamilane har mist nære slektningar i krigen , og dei har fått rapportar om grusomme
hendingar. Dei forstår ikkje at ikkje Norge og resten av verda let folkemord på Sri Lanka skje
medan verdsamfunnet går inn i andre land der leiarane går til åtak på sine eigen landsmenn. Det
siste døme er Libya og krigen mot Khadaffi.
No melder tamilar i Noreg presidenten på Sri Lanka og fleire andre singalesiske leiarar til politiet
og krev at Den Internasjonale straffedomstolen granskar hendingane på Sri Lanka. Det same gjer
tamilar verda over. Vi forstår dei. Verda sit med hendene i fanget medan presidenten går fri for
folkemord og får halde fram med eit styre som diskriminerer tamilane på Sri Lanka.
18.mai held dei fredlege demonstrasjonar i byane våre. Vi støttar dei i deira fredlege og demokratisk
kamp for eit eige tamilsk land i nord på Sri Lanka.
Gunn Berit Gjerde og Kirsti Dale, kandidatar til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal for Venstre