Sauda Venstre meiner bestemt at det må verta slutt på at bilar kan parkera på torget. Plassen burde vært skapt om til ein møtestad for menneske. – Ein stad med bord, benker og trivselsfremmande tiltak slik at folk kan rusla dit og setta seg ned med ein kopp kaffi og ein god prat med andre. Ein stille plass i sentrum, ein møtestad, ser Vegard Floa føre seg i interjuvet med Avisa Ryfylke.
Han legg til at ein sjølvsagt skal finna løysingar som sikrar leveringa av varer til dei næringsdrivande i nærleiken, men peikar på at det finst mange andre, sentrumsnære parkeringsplassar for privatbilane.