Målgruppe for samlinga er førstekandidatar, “5 på topp” fylkeslista, evt. lokallagsleiarar og valkampansvarlege. Kan ikkje førstekandidaten denne helga, må de prøve neste på lista!
Lokalpolitisk nettverk er ein heilt sentral møteplass i forkant av lokalvalet, og målsetjinga denne gongen er at ALLE lokallag som stiller liste er representert.
Formålet med dette skuleringsopplegget er mellom anna å sikre at listetoppane er trygge på vår eigen politikk, at dei er meir synlige, og å sikre ein bevisst strategi bak det daglege arbeidet i lokallaget og i gjennomføringa av valkampen.
Førebels til program LPN Hordaland /S&Fj
Laurdag
Kl. 12.00 Lunsj
Kl. 13.00 Velkommen
Kl. 13.15 Innleiingar/debatt
Mona Hellesnes Miljø og regional næringspolitikk
Aleksander Åsnes Skule- og kunnskapspolitikk
Alf Helge Greaker Kollektivtransport og samferdsle
Kl. 15.45 Kaffepause
Kl. 16.00 "Basetrening"/Skulering
Gruppeleiarane innleier først 15 min kvar i plenum – deltakarane deler seg så i fire grupper og rullerer, sjå nedanfor
Kl. 19.30 Møteslutt
Kl. 20.00 Middag
Sundag
Kl. 09.00 Innleiingar/debatt
Anne-Beth Njærheim Samferdsle i eit distriktsperspektiv
Alfred Bjørlo Regional utvikling
Kl. 10.45 Kaffipause
Kl. 11.00 Informasjon frå valkamputvalet og VHO
Kl. 12.15 Skulering
– bruk av Venstre+
– forhandlingar etter valet mm.
Kl. 13.30 Lunsj og avslutting
Frå VHO møter Steinar Haugsvær og Ola Elvestuen
Basetrening/Skulering
· Husbesøk/Stand Gunn Vivian Eide og Erlend Horn
· Debattrening Erlend Sand
· Innlegg / pressemeldingar Alf Helge/Steinar Haugsvær
· "Grilling" av kandidatar Harald Queseth?
Fylkeslaga i Sogn og Fjordane og Hordaland ønskjer vel møtt til to lærerike dagar med tema: Klar til valkamp!