Lokalpolitisk nettverk 28. og 29. mai

Hordaland Venstre har gleda av å invitere til fjerde og siste samling av lokalpolitisk nettverk. Samlinga vert arrangert i samarbeid med Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Lokalpolitisk nettverk er ein heilt sentral møteplass i forkant av lokalvalet, og målsetjinga denne gongen er at ALLE lokallag som stiller liste er representert.

Målgruppe for samlinga er førstekandidatar, «10 på topp» fylkeslista, evt. lokallagsleiarar og valkampansvarlege.
Kan ikkje førstekandidaten denne helga, må ein prøve neste på lista!

Formålet med dette skuleringsopplegget er å mellom anna å sikre at listetoppane er trygge på vår eigen politikk, at dei er meir synlige, og å sikre ein bevisst strategi bak det daglege arbeidet i lokallaget og i gjennomføringa av valkampen.

Dato: 28. – 29. mai 2011
Tid: Start laurdag kl. 10.00 (for Hordaland), kl. 13.00 (for Sogn og Fjordane – lunsj 12.00).
Avslutning søndag etter lunsj kl. 13.30
Stad: Thon Hotel Bergen Airport, Kokstad

Lokale innleiarar og innleiarar frå Venstres Hovedorganisasjon
Steinar Haugsvær kjem frå VHO

Førebels program finn du nederst på sida.

Påmelding: Sendast til fylkessekretær i Hordaland Venstre, Gro Gjelsvik [email protected] eller på 55 55 30 60 innan fredag 13. mai. Hugs for å konferere med lokallagsleiar først.

Oppgje namn, lokallag og om du kjem både laurdag og søndag, om du ønskjer middag laurdag og om du ønskjer overnatting.

Utgiftene fordelast slik: Hordaland Venstre dekkjer kursavgift og opphald for ein deltakar frå kvart lokallag (i tillegg for dei ti første på fylkeslista), mens lokallaga eller deltakarene må dekkje reiseutgiftene.
Lokallaga må sjølve dekkje utgiftene for en evt. deltakar nummer to.

Hotellopphald totalpris for alt er kr. 1885, – per pers i enkeltrom (1745, – i dobbeltrom)
Utan overnatting og middag laurdag kostar det 1050, – for heile helga
Middag 300, –
Berre laurdag utan middag eller berre søndag kostar 525, –

VELKOMMEN TIL TO UTFORDRANDE OG LÆRERIKE DAGER!

Med venleg helsing

Synnøve Handeland
fylkesleiar

Synnøve Handeland

Foto: Kari Østervold Toft

JUSTERT PROGRAM

Fjerde samling, mai 2011
Tema: Klar til valgkamp!

Laurdag
Kl. 10.00: Fylkeskandidatsamling topp 10 — Hordaland
– Med bl.a. paneldebatt med grilling på fylkesprogrammet.
– Fra kl. 10.30 Åpent for tilhøyrarar og spørsmål frå salen.

Kl. 12.00: Lunsj

Kl. 13.00: Velkommen
– Innledning og velkommen ved Synnøve Handeland
– Kort intro Venstres hovedsaker og slagordet "Folk først" (ref. LM 2011) ved Steinar Haugsvær: Ordstyrer for samlingen

Kl. 13.20: Innleiingar og debatt
– 13.20: Mona Hellesnes — Miljø og regional næringspolitikk
– 13.50: Aleksander Åsnes — Skule- og kunnskapspolitikk
– 14.20: Alf Helge Greaker — Kollektivtransport og samferdsle

Kl. 14.50: Kaffepause (pluss litt slingringsmonn)

Kl. 15.10: "Basetrening" og skulering: Tre felles innleiinger
– Tre gruppeleiarar innleier først 15 min kvar i plenum.
Det er desse tema: Husbesøk og Stand (Gunn Vivian Eide og Erlend Horn), Debattrening (Erlend Sand) og Innlegg og pressemeldingar (Alf Helge Greaker). Kvar av desse innleiingane er på 15. minutt.

Kl. 16 15: "Basetrening" og skulering startar
– Vi deler deltakarane inn i 8 grupper som rullerer på faste tema. Alle skal innom 6 tema på denne laurdagen. Kvar gruppe held på i 30 minutt. Dei resterande 2 tek vi på sundag moron.

Tema på basetreninga:
– Husbesøk og Stand (Gunn Vivian Eide)
– Debattrening (Erlend Sand)
– Innlegg og pressemeldingar (Alf Helge Greaker)
– Drilling på Venstres politikk om miljø (Mathias Fischer)
– Drilling på Venstres politikk om skole (Sindre Horn)
– Drilling på Venstres politikk om småbedrifter (Alfred Bjørlo)
– Drilling på Venstres politikk om velferd (Synnøve Handeland)
– Slik lager vi lokale brosjyrer, program og nettsider (Steinar Haugsvær)

Kl. 19.30: Møteslutt

Kl. 20.00: Middag

Sundag

Kl. 09.00: Mediekonkurransen: Innsamling av oppslag
Kl. 09.05: "Basetrening" og skulering fortset. To sesjonar gjenstår.

Kl. 10.15: Innleiingar og debatt
– 10.15: Anne-Beth Njærheim — Samferdsle i eit distriktsperspektiv
– 10.45: Alfred Bjørlo — Regional utvikling

Kl. 11.15: Kaffipause

Kl. 11.40, Informasjon frå valkamputval og VHO
– Slik gjer vi valkampen i S&Fj (namn) (10. min)
– Slik gjer vi valkampen i Hordaland (Gunn Vivian Eide) (10. min)
– Slik organiserer VHO og Stortingsgruppa valkampen (Steinar Haugsvær) (20. Min)

Kl. 12.30: Skulering og informasjon (Steinar Haugsvær)
– Venstres annonsekampanje 2011
– Sosiale medier og liberal.no
– Forhandlingar etter valet. Når startar dei. Kven kan du snakka med?
– Mediekonkurransen: Avstemming: (Siste sjanse til å vinna 2000 kr.)

Kl. 13.30: Avslutning og lunsj

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**