Interpellasjon i kommunestyret, 31.03.03: »
«Fylkesmannen har i sitt brev til kommunen med vurdering av budsjettet for 2011 ("budsjettbrevet" ) m.a. kome med følgjande råd: Fylkesmannen vil på denne bakgrunn tilrå kommunen i samband med budsjettrevisjon å redusera dei frie inntektene slik at desse blir i samsvar med det som er realistisk, på grunnlag av dei opplysningane som no er kjent.
Fylkesmannen peikar på at deira prognose er ca. 4.5 mill. lægre enn budsjettert. ("Dei frie inntektene" er som kjent ordinær skatt og statlege rameoverføringar. )
Samstundes veit vi at vegvedlikehald/brøytebudsjettet blir sterkt overskride. Hagahaugen og utvida barnehagetilbod vil også krevja ekstra utgifter.
Og formannskapet har fått seg førelagt fleire investeringssaker med markerte overskridingar i høve til avsette summar i budsjett /økonomiplan (kyrkjesenter, barnehage, ungdomsskulen) og dermed med konsekvens for andre oppgåver i økonomiplan. Byggjerekneskap for kulturhus og tilbygg tinghus er ikkje ferdig.
Det synest derfor nødvendig at kommunestyret i samband med rekneskapen for første kvartal får lagt fram ei samla sak om budsjettsituasjonen/den økonomiske situasjonen for kommunen, og ei vurdering i høve til økonomiplan, både drift og investering.
Eg viser her også til at framlegget frå Venstre, Krf og Høgre i budsjettbehandlinga 16.12. 10 om at konsekvensar for økonomiplanen skulle leggjast inn ved behandling av rekneskapsrapportar, blei vedtatt oversendt arbeidsgruppa for politisk organisering, og at denne gruppa føreslo: Før sommaren bør det vera ei sak i kommunestyret om element i neste økonomiplan.
Vil ordføraren ta initiativ til at kommunestyret i samband med rekneskapsrapporten for første kvartal får ei slik meir omfattande og generell saksutgreiing om situasjonen i høve til budsjett og økonomiplan?»
Til interpellasjonen sa ordføraren at ho lova at kommunestyret i samband md rekneskapsrapporten for 1. kvartal, dvs. truleg først i møtet 16.juni, skal få ei full oversikt, inklusive konsekvensar for økonomiplanen for dei neste par-tre åra, både for drift og investering.
Venstre er nøgd med at kommuneøkonomien får ein grundig gjennomgang no, men håpar samstundes at dei raudgrøne i framtida ikkje «gamblar» med høgare skatteinntekter enn kva det er sannsynleg for kommunen å få.
For Voss Venstre er ein sunn kommuneøkonomi ei viktig sak, og me kan lova at me vil følgja saka nøye opp vidare!