Regjeringa har sjølv hatt som mål å auke tida lærarane underviser elevane, samtidig som kunnskapsdepartementet druknar lærarane i nye rundskriv og pålegg, som lærarane ikkje har kapasitet til å følgje opp. Åtte av ti lektorar meinar krava til dokumentasjon og rapportering går ut over undervisninga og kvaliteten i skulen. Tid som elles kunne ha blitt brukt til følgje betre opp kvar einskild elev blir no brukt i eit unødvendig stort skjemavelde.
Venstres landsmøte vedtok i helga å etablera eit breitt samansett regelråd med sikte på å redusera byråkratiet i skulen. Landsmøtet vedtok også eit mål om ei forenkling av læreplanverket, for å gjere kompetansemåla meir målbare. Vi må ha tru på at den einskilde lærar, rektor og skule veit best korleis læringa skal leggjast opp for å nå kompetansemåla.
Lærarar må få reell pedagogisk fridom til å styre over si eiga undervisning. Den einskilde lærar veit betre kva som fungerer for seg og sine elevar enn ein statssekretær i regjeringskvartala, og difor må dei også få fridom til å sjølv leggje opp undervisninga si. Det inneber mellom anna at dei får høve til å velje kva læreverk dei ønskjer å nytta innanfor breie læringsmål, og det inneber ein fridom til å undervisa elevane slik dei meinar det passer dei og elevane best.
Bjørnar Hamre, Venstre sin ungdomskandidat til fylkestinget
Sindre Horn, leiar Hordaland Unge Venstre
INNLEGGET STO PÅ TRYKK I NORDHORDLAND 13. APRIL