Gong og sykkelveg i Herøysundet

Lesarbrev frå Kjell Yri. Kvinnherad Venstre ynskjer fleire gong og sykkelvegar i kommunen.
Tryggleik for dei gåande og folkehelsegevinst.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Vi les med glede at Herøysund Bygdelag har sendt brev til kommunen om gong og sykkelveg i bygda. Det uvanlege og svært prisverdige er at Bygdelaget tilbyr seg å hjelpa til med å forhandla om grunn. At born og vaksne kan ferdast langs vegen utan å vera redde for å bli påkøyrde av bilar er av stor verdi.
Kvinnherad Venstre har i programmet for neste valbolk prioritert gong og sykkelveg i Herøysundet. Denne må, slik Grendalaget skriv, knytast saman med postvegen.
I tillegg til Herøysundet, ynskjer vi gong og sykkelveg i Dimmelsvik. Denne må knytast saman med gong og sykkelvegen som i dag endar på Seimsfoss. Også frå Uskedal bru og til Steinsletto må det koma gong og sykkelveg.
Folkehelsearbeid vert no opprioritert av Helsedirektoratet. Også i Kvinnherad kommune er ein igong med styrking av folkehelsearbeid. Gong og sykkelvegar er godt for folkehelsa. Ein kan gå, springa eller sykla og på den måten halda seg i betre fysisk form.
Venstre ynskjer at det på sikt blir samanhengande gong og sykkelveg mellom Sandvoll og Løfallstrand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**