Statsministeren feilinformerer om avstandar i Nordfjord

Statsminister Jens Stoltenberg feilinformerte då han på TV2-nyhetene torsdag kveld uttalte at «Mange i Nordfjord får faktisk kortere vei til sykehus med den omleggingen av fødetilbudet Regjeringen nå gjennomfører». Vi legg no fram kartet og dokumentasjonen som syner at Statsministeren tok alvorleg feil

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

nordfjordkart

Foto: InMedia

Ein enkel faktasjekk syner at av ca 30.000 menneske i Nordfjord får 29.000 lenger reisetid til sjukehus med Regjeringa sin nye modell, der føde- og ortopeditilbudet ved Nordfjord sjukehus blir lagt ned og fødeavdelinga flytta til Volda i Møre og Romsdal. Av dei 29.000 får ca 15.000 så mykje som 1 time lenger reiseavstand enn i dag. Talet på folk som får meir enn 1 time reiseavstand til fødeavdeling aukar frå ca 3.000 i dag til over 15.000 med den nye modellen.. Kun 3% av innbyggarane i Nordfjord (1.000 personar i deler av Hornindal kommune) får kortare veg til sjukehus.

Last ned kartet over Nordfjord med reiseavstandar her

– Statsministeren må snarast trekke påstanden tilbake, og vere ærleg på at beslutninga om å legge ned fødetilbodet på Eid gir lenger reiseavstand for dei aller fleste som bur i Nordfjord. Det krev Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo. Eid er vertskommunen for Nordfjord sjukehus.

– Det er urovekkande at Regjeringa ikkje har grunnleggande fakta om avstandar og reisetid på plass før dei fattar så viktige vedtak som nedlegging av fødetilbod, seier Bjørlo. – I ein situasjon der folk i Nordfjord frå før føler seg overkøyrt av den raudgrøne regjeringa, er det spesielt provoserande å sjå denne type grov feilinformasjon frå Statsministeren, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo

Foto: Truls Jemtland

– Det må no vere på sin plass å kreve ei uavhengig risikoanalyse for alle dei som no får over 1 time lenger reisetid til sjukehus – sett i lys av at Regjeringa tydelegvis har lagt sviktande føresetnader til grunn i vedtaket som no vart fatta. Det er ingen problem å ferdigstille ei slik uavhengig risikoanalyse i tide til planlagt gjennomføring av nedleggingsvedtaket i 2012, seier Bjørlo.

Oversikt over dagens og framtidig reisetid til fødetilbod for utvalde stader i Nordfjord (Kjelde: Statens Vegvesens nettsider og visveg.no) – sjå vedlagt tabell her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**