Representantane frå dei tre Venstrelaga er gira på valkamp, og ei av deira felles saker er meir samarbeid over kommunegrensene.
Alle fire Venstrepolitikarane frå Øy-kommunane har fått ny giv etter landsmøte.
"Med rekordmange lister til valet, fleire tusen nye medlemmar etter 2009 og bare god stemning, ja da smitter det også over på oss", seier Simon Furnes, 3.kandidat frå Askøy.
Fjell, Sund og Askøy har alle positiv befolkningsvekst, men har samtidig fleire utfordringar når det kjem til samferdsle og næring. Ei av utfordringane for alle tre er utan tvil rush trafikken og dei store køane både enkeltpersonar og næringsliv opplev både morgon og kveld.
"Vi må stå saman slikt at vi kan krevje meir av kollektivpengane i fylket og få fortgang i utbetringar av vegnettet." seier ordførerkandidat frå Askøy, Arild Raftevoll.
Fjell, Sund og Askøy har det siste året styrka sitt samarbeid på tvers av kommunegrensene, mellom anna gjennom Regionrådet Vest og på enkeltsaker som "Felles Ansvar". Dette er eit samarbeid som Venstre politikarane ser positivt på, men er opptatt av at dei vert forankra lokalt.
"Som eit parti som er opptatt av lokal sjølvstyre, er det også viktig med god demokratisk forankring av desse råda" seier Elizabeth Toft Erichsen, gruppeleiar for Sund Venstre og 2.kandidat.
Venstre lanserte sitt nye slagord "Folk først" under landsmøtet, eit slagord lokalpolitikarene tykkjer godt om.
"Folk først gjenspeiler godt vår politikk, der våre politiske løysingar alltid tar utgangspunkt i enkeltmenneske.", seier Tore Turøy, ordførerkandidat Fjell Venstre.
Venstres leiar Trine Skei Grande lanserte før avslutninga av landsmøtet ein nasjonal kunnskapskampanje. Den blir eit startskot for valkampen, og laga vil samarbeide med å få den gjennomført. I kunnskapskampanjen skal laga besøke skulane og kunnskapsbedriftene i kommunane og få eit innblikk i kva for utfordringar dei står over for.
"Vi skal lytte, og utvikle vår politikk der utfordringane ligg", seier Turøy.
"Vi satsar på å besøke flest muleg barnehagar, skular og kunnskapsrelaterte institusjonar. Helst alle saman på både Askøy, i Fjell og i Sund. Vi skal vere sikre på at den skulepolitikken vi går til val på til hausten er den beste for våre innbyggjarar" lover alle dei fire lokalpolitikarene.