Stord Venstre trur på å utvikla Litlabø heller enn å nedbygga Litlabø. Ei sattsing på nye boligområder vil styrka busettinga og auka innbyggartalet.
Dette vil stimulera til etablering av industri i området, som då vil trenga både skule og bornahage for at samfunnet skal fungera.
Det er alltid viktig å tenka langsiktig, så dette vil kunna bli eit bolig- og næringsområde å utvikla for Stord Kommune.
For å auka hastigheita på denne etableringa kan ein modell vera at Stord kommune tilbyr lågare avgifter og prisar på dei kommunale tomtene for å fremja utviklinga.
I eit heilheitleg syn står dette også i stil med Stord Venstres politikk når det gjeld å skipa eit oppvekstssenter på Litlabø;
https://www.venstre.no/hordaland/stord/artikkel/33478/