– Det er svært gledeleg at vi har fått ei så god måling. 29 prosent oppslutnad er historisk og ny rekord for partiet, seier Gunvald Ludvigsen, leiar i Eid Venstre til Fjordabladet.
Eg trur at denne måling viser at folk har sett at vi har ei god liste og ein god ordførarkandidat, som har vore klar i viktige saker for regionen. Målinga viser vel også at veljarane meiner det er rom for endring og ein ny giv, seier Ludvigsen som meiner at også saker som næringsutvikling, samferdsle og andre større saker er viktige for at så mange i Eid no sluttar opp om Venstre.
Målinga har også blitt lagt merke til i nasjonale media.
Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo, kommenterer målinga slik på TV2 sine nettsider – Det er heilt fantastisk og handlar nok mykje om sjukehussaka, men er også eit uttrykk for generell misnøye med raudgrønt styre både lokalt og nasjonalt.
Venstre har hatt ordføraren i Eid to ganger siste 20 år: Kjell Nøstdal (1991-93) og Gunvald Ludvigsen (2003-05).