UAKSEPTABELT AT REGJERINGA IKKJE FINANSIERER BARNEHAGEREKNINGA

Det er uakseptabelt at regjeringa ikkje finansierer barnehagedekninga. Dette rammar
både barn og foreldre kraftig. Konsekvensane kan bli at barnehagar må leggast ned og særlig er dei private barnehagane utsatt. Ein kan ende opp med at ein ikkje lenger kan gi tilbod om barnehageplass til alle som treng det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Det har vore eit tverrpolitisk mål å få full barnehagedekning, slik at alle barn, skal få eit godt pedagogisk omsorgstilbod. No når kommunane skal overta ansvaret for finansiering også for dei private barnehagane, kan kvardagen plutselig sjå annaleis ut.

Spriken mellom kostnader og det staten overfører i ramma til kommunene, er enorm.

Dette er regjeringa sin politikk i praksis. Dei slår seg på brystet og skryt av full barnehage dekning, samtidig som dei sendar rekninga til kommunane og innbyggjarane. Dette er ikkje ein framtidsretta politikk, seier Britt Giske Andersen. At eit tilbod som det har blitt satsa så sterkt på no risikerar å bli svekka, er å rygge baklengs inn i framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**