Fylkesleiaren med innlegg på Landsmøtet

Forutsetninga for verdiskaping og samfunnsutvikling er eit godt utbygd samferdselsnett. Difor må vi sjå verdiskaping og samferdsel i samanheng. Under Venstres bedriftskampanje i haust var det to ting alle var opptatt av: Skjemavelde, og mangel på trygge og gode vegar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

Næringslivet har ikkje råd eller tid å vente 30-40 år på at vegnettet i Sogn og Fjordane skal bli godt nok. Vi må ha eit heilt anna tempo i vegbygginga. Då må vi også sleppe til andre finansieringsformer og spleiselag mellom fylke, stat og private for å få det til.

Fylka fekk nylig ein “gåvepakke” frå staten då mange av dei statlege riksvegane vart omgjort til fylkesvegar. Problemet er at dette vegnettet er i elendig forfatning, og at den raudgrøne regjeringa ikkje har sørga for at det følger med pengane som trengs for å ruste vegane opp. Berre hittil i 2011 har Sogn og Fjordane fylke blitt nøydde å setje av 50 mill kroner til å reparere vegar som rett og slett har blitt borte på grunn av ras og flom – pengar som elles ville ha gått til nye vegar som vi også har sårt bruk for.

Det som veks som følge av vegreformen er dessverre ikkje vegbudsjetta, men vegbyråkratiet. Fylka må no bygge opp sitt eige vegbyråkrati – i samarbeid med eller i konkurranse med Statens Vegvesen. Det har også blitt mindre pengar til rassikring, og eit langt meir byråkratisk system for å få ut pengar til rassikring frå staten.

Folk treng å vite at vegane dei ferdast på og sender skuleborna ut på er trygge. Næringslivet treng å vite at vegnettet er godt nok utbygd til at varer og menneske kjem raskt og effektivt fram. Reiselivet treng å vite at vegnettet er i ei slik forfatning at turistbussar og andre kan køyre der utan å setje seg sjølv og andre i fare. Sogn og Fjordane treng ei skikkeleg vegsatsing – det har Senterpartiet og Arbeiderpartiet ikkje klart å levere. Venstre vil setje folk først og satse på veg.

Marit Barsnæs Krogsæter, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre og 1. kandidat for Venstre til fylkestinget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**