Rekreasjon på Erstadfjellet

Venstre vil ha Erstadfjellet som rekreasjonsområde. Luftsportsanlegg må ein finne plass til annan stad i kommunen der tilhøva ligg til rette for det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Vi er ikkje representert i plan- og miljøutvalet. Slik sett vart me like overraska som dei fleste andre då framlegget om flystripa under Erstadfjellet kom. Sjølv om vårt standpunkt er, og har vore, at Erstadfjellet skal nyttast som rekreasjonsområde, har det sterke og engasjementet i lokalssamfunnet i saka gjort inntrykk.

Mange nyttar området rundt Erstadfjellet som turområde. Området er viktig også for andre enn dei som soknar til Alversund-krinsen. Det er nemleg ein del av triangelet Gladihaug, Vassberget og Tveitevarden. Eit naturområde som er meir eineståande enn vi kanskje tek oss tid til å tenkje over.

Venstre meiner at vi må slå ring rundt desse verdfulle områda som bidreg til folkehelsa og almennkunnskap om natur og plante-, fugle- og dyreliv. Me er takksame for at så mange eldsjeler og grunneigarar syter for at vi kan gå i merka løyper og nyte det mangfaldet av opplevingar naturen gjev oss.

Flysportentusiastane har sett saka si på dagsorden. Det synes me er bra, sjølv om me ikkje vil imøtekome ønskjet om å nytte Erstadfjellet som base for aktiviteten. Når det ikkje er alle grunneigarar som finn det rett å avgje areal, og fylkesmannen har varsla motsegn, oppmodar Venstre luftsporten til å nytte alle positive ønskje for aktiviteten til å tenkje alternative plasseringar. Er det nøkkelen til at Nordhordland Flyklubb kan lukkast med å nå målet om ein ny base?

Rolf Nesheim
Leiar Lindås Venstre

Lesarbrevet stod på trykk i Nordhordland onsdag 30. mars 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**