– Vedtaket om å legge ned fødeavdelinga og ortopeditilbodet i Nordfjord syner at Arbeiderpartiet sitt maktapparat i Oslo har misst all kontakt med grasrota, og at Senterpartiet og SV har godtatt å la seg overkøyre i ei sak som folket i Nordfjord har stått samla bak, seier Alfred Bjørlo.
Det er folk i Ytre Nordfjord som får lengst reiseveg til sjukehus når fødeavdelinga på Eid blir lagt ned. Det er då på grensa til provoserande at Helseministeren nyttar Kvivsvegen som argument for å kutte fødetilbodet. Kvivsvegen gir inga nedkorting av reisetida for fødande i Ytre Nordfjord. Dette er eit tydeleg døme på kor stor avstand det er til makta i Oslo i den raudgrøne regjeringa, og at Ap-folk i Nordfjord ikkje ein gong har nådd fram med å formidle grunnleggande faktainformasjon til Ap sentralt.
– Det er sjølvsagt positivt at Helseministeren seier at Nordfjord sjukehus framleis skal ha eit akuttilbod, seier Alfred Bjørlo. – Men når fødeavdelinga forsvinn, og det førsteklasses ortopedimiljøet ved sjuukehust blir rasert, er det på sikt ein trussel også mot andre funksjonar ved sjukehuset. I alle fall når vi kjenner Helse Førde si negative haldning til lokalsjukehusa. Helse Førde kjem no til å halde fram med sin kampanje for å redusere tilboda bit for bit ved lokalsjukehusa, seier Bjørlo.
– Det er enno over eitt år til vedtaket om nedlegging av sjukehuset skal gjennomførast. Det mest handfaste folk i Nordfjord no kan gjere, er å syne ved lokalvalet i september kva ein meiner om Ap, Sp og SV i regjering si overkøyring av Nordfjord, seier Bjørlo. Han lovar full kamp og engasjement frå Venstre for Nordfjord sjukehus i tida framover.
Kontaktinfo:
Alfred Bjørlo, mobiltlf 480 82 652