Sidan spørsmålet frå IMDI kom 20. september i fjor har vi opplevd noe vi aldri trudde vi skulle få oppleve: Nå er dei diktatoriske og islamistiske undertrykkingsregima kanskje i ferd med å falle på same måte som kommunismen i Aust-Europa ramla saman i 1989. La oss følge oppfordringa frå EU-kommisær Cecilia Malmström og avlaste Italia for det sterke presset dei har nå. Folk vil bort frå nedslaktinga, over i demokratiske land og førebu seg til å reise tilbake og bygge demokrati i heimlandet sitt.
– Arendal kommune har tradisjon for å drive eit godt og systematisk integreringsarbeid, og eg er stolt over at vi aldri har stilt krav om å få folk frå noen land og seie nei til folk frå andre land. La oss fortsette med det. Når vi ser korleis det går med dei vi har tatt imot, ser vi at dei gjennomsnittleg klarer seg minst like godt som ei tilsvarande gruppe norske som har budd heile livet i Arendal, sa Jan Kløvstad.
Jan Kløvstad sa seg lei for at bystyret i 2011-budsjettet reduserte busjettet til Arendal voksenopplæring og oppfordra til å styrke budsjettet neste år.
Berre Framstegspartiet og Trygve Møgster (uavhengig) stemte mot å ta imot dei flyktningane IMDI ber Arendal kommune om.