Venstrelister i 12 kommunar i Vest-Agder

Venstre stiller heile 12 lister i Vest-Agder i kommunevalet 12. september. På landsplan aukar Venstre frå 293 lister i 2007 til over 300 lister, truleg 307 lister nå. – Vi er stolte over dette høge talet lister, seier leiar Heidi Foyn Thomassen i Agder Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

 Ordførar Reidar gausdal er førstekandidat i Flekkefjord.

Ordførar Reidar gausdal er førstekandidat i Flekkefjord.
Foto: Jan Kløvstad

Venstres toppkandidatar er ordførar Reidar Gausdal i Flekkefjord, fylkestingsmedlem Melinda Kvinlaug i Kvinesdal, Ivar Skregelid i Sirdal, Beate Marie Johnsen i Farsund, Torunn Tjomsland i Lyngal, Per Olav Skutle i Lindesnes, Shelley Veelo i Marnardal, Stein Inge Dahn i Manda, varaordførar Arild E. Berge i Søgne, Dag Vige i Kristiansand, Jone Nyborg i Songdalen og Oddbjørn Hagen i Vennesla.

Øvst på fylkestingslista står tidlegare stortingsrepresentant (og fylkestingsrepresentant) Anne Margrethe Larsen, Flekkefjord, Stein Inge Dahn, Mandal, Jan Kenneth Stavenes, Kristiansand og Ingvild Thorsvik, Mandal.

Listene i kvar kommune blir presentert på heimesidene til kvart enkelt lokallag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**