Venstre-liste i 23 av 26 kommunar

År 2011 er historisk i Sogn og Fjordane Venstre! Venstre har levert 23 lister tl kommunevalet og det er rekord. I valåret 2007 hadde vi liste i 20 kommunar. Lokallaga har jobba godt, og det har ikkje vore vanskeleg med å få folk til å stille på Venstre sine lister. Det er eit styremedlem som fortene mykje av æra for dette: 2. nestleiar Vidis Tonning er vår «Listestillingsoberst» i fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

«Listestillilngsoberst» Vigdis Tonning

Odd Einar Dørum har frå Venstre sentralt fått tittelen Listestillingsgenral. Han har vore aktiv med å hjelpe lokallag i heile landet som har hatt behov for råd og hjelp i listestillingsarbeidet, også her i fylket. Under årsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre i februar fekk Vigdis følgjande «attest» frå talarstolen: «Om Venstre sentralt har Dørum som «Listestillingsgeneral» så har jammen Sogn og Fjordane sin eigen «Listestillingsoberst»

«Listestilingsgeneral» Odd Einar Dørum

Fylkesstyret er svært glad for Vigdis Tonning sin innsats denne våren. Ikkje berre har ho vore pådrivar for å få til lister i kommunane som var usikre på listestilling, ho har vore med å få nedlagte lokallag til å starte opp att. Styret vil også nemne Alfred Bjørlo sin innsats for Nordfjord og at Selje er med på å setje Venstre på politikk-kartet att.

 Vigdis og Alfred har jobba godt med å få lister i kommunar i fylket

Vigdis og Alfred har jobba godt med å få lister i kommunar i fylket

Nye Venstre-lister i 2011 er Naustdal, Høyanger og Selje.

Her er kommunane Venstre-lister er levert innan fristen gjekk ut 31.03.2011:
Askvoll
Aurland
Balestrand
Bremanger
Eid
Fjaler
Flora
Førde
Gaular
Gloppen
Gulen
Hornindal
Høyanger
Jølster
Leikanger
Luster
Lærdal
Naustdal
Selje
Sogndal
Stryn
Vik
Vågsøy

Valg 2011

Sogn og Fjordane Venstre tek sikte på å få lister i alle 26 kommunar ved neste kommuneval. Då er det Hyllestad, Solund og Årdal som garantert får besøk av ivrige «listestillings-oberstar og -generalar».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**