Rekordmange Venstrelister i Aust-Agder

Valle får Venstreliste for første gong sidan 1975 og Vegårshei for første gong sidan 1991. Venstre stiller reine lister i 12 kommunar og fellesliste med Høgre i Bygland. Berre Åmli og Evje og Hornnes

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


manglar Venstrelister, men arbeidet er alt nå godt i gang med styring av lokallagsarbeidet i Evje og Hornnes.

I 2007 fekk Venstre 6,6% i fylkestingsvalet, to fylkestingsmedlemer, ordførar i Grimstad, varaordførar i Lillesand og Risør og formannskapsmedlemer og kommunestyremedlemer i Gjerstad, Tvedestrand, Arendal, Iveland, Bykle og Bygland (i Bygland på fellsliste).

 Ivar Sønstabø, førstekandidat for Venstre på Vegårshei.

Ivar Sønstabø, førstekandidat for Venstre på Vegårshei.
Foto: Jan Kløvstad

Venstres toppkandidatar i 2011 er Kai Ove Sandåker i Gjerstad, Dag Jørgen Hveem i Risør, Line Øvernes Mørch i Tvedestrand, Kenneth Stømne i Froland, Ivar Sønstabø i Vegårshei, Pål Koren Pedersen i Arendal, Hans Antonsen i Grimstad, Mariane Sønju Hagestad i Birkenes, Odd Håvard Dahle i Iveland, Ann Christin Jacob i Valle, Espen Mikkelsen i Bykle og Torhild Austad som Venstres fremste kandidat på fellesliste i Bygland.

Fylkesutvalsmedlem Øystein Haga, Grimstad, og fylkestingsmedlem Marianne S. Lyngvi, Arendal, toppar fylkestingslista med Dag Jørgen Hveem, Risør og Tonje Berger Ausland, Gjerstad på dei neste plassane.

Heile listene blir presenterte på heimesidene for kvart enkelt lokallag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**