Venstre vil ha Nordfjord i front på nye helsetenester

Eid Venstre ved leiar Gunvald Ludvigsen har utfordra Nordfjordrådet på å gjere Nordfjord til ein pilotregion på samhandling i helsevesenet, når Regjeringa no lyser ut over 100 mill kr til slike forsøk. – Nordfjord har eit sterkt og velfungerande lokalsjukehus som alle kommunane samarbeider nært med allereie og med små barrierar mellom nivåa. Vi har alt som skal til for å syne resten av Noreg korleis samhandlingsreformen kan sjå ut i praksis, med Nordfjord sjukehus som «nav», seier leiar i Eid Venstre, Gunvald Ludvigsen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Eid Venstre foreslår følgande konkrete døme på samarbeidsprosjekt der Nordfjord kan gå i front:

•Kommuneoverlege for Nordfjord og Vanylven — med ansvar for mellom anna smittevern, miljøretta helsevern og overordna helseplanarbeid for regionen sett under eitt
•Få på plass privatpraktiserande legespesialistar i Nordfjord – til dømes innanfor øyre/nase/hals, auge, hud og gynekologi
•Få på plass eit felles opplegg i Nordfjord for legestilling(ar) innanfor sjukeheimsmedisin.

Les heile brevet frå Eid Venstre til Nordfjordrådet her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**