Gjesdalpolitikken sine to hovedblokker består av noverande posisjon (Krf/Ap/Sp/SV) på den eine sida og H/FrP på den andre.
Gjesdal Venstre si gruppe har drøfta ulike alternativ for mogeleg samarbeid med desse to hovedblokkene. Konklusjonen er:
Gjesdal Venstre går inn i den kommande valkampen som eit blokk-uavhengig sentrumsalternativ. Dette vil gje liberale veljarar i kommunen eit fritt og uavhengig alternativ som ivaretek vår integritet i sentrale Venstre-saker.
Dersom ingen av dei to hovedblokkene får reint fleirtal ved kommunevalet 2011 vil Venstre kunne delta i å bygge nye fleirtalskonstellasjonar i Gjesdal med utgangspunkt i det politiske sentrum.