– La oss gi unge driftige bønder ekspansjonsmuligheter!

– La oss gi unge driftige bønder ekspansjonsmuligheter! Her ser vi unge ambisiøse folk som satsar, og som vil vise vilje til å satse enda meir framover i området mellom Brømnes og Ristøl, sa Venstres Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


og gjekk inn for at det ikkje blir gitt løyve til å bygge eit hus ca 150 meter frå dei nye store kyllingfjøsa ved Brømnes.

– Tomta det er søkt om er ei flott tomt, med god utsikt og ikkje altfor nær dei nye store landbruksbygga. Likevel må vi sjå saka langsiktig. Vi må for all del ikkje hindre at det kan vere mogleg å ekspandere med fleire landbruksbygg, enda fleire typer landbruk som kanskje også kan ha behov for beiteland både på dyrka mark og i skog. Eg trur framtidas landbruk vil vere prega av enda fleire samarbeidsbedrifter der unghe folk kan drive effektivt og samtidig ha regulert arbeidstid og fritid. Fleire samdriftsbedrifter vil styrke busettinga i bygda enda meir enn berre eitt enkelt hus, som her. Vi kan ikkje først flytte landbruket ut i skogen langt frå boliger, for så å flytte bustadbygginga etter, sa Jan Kløvstad.

Men i formannskapet blei det fleirtal for å seie ja til søknaden om å bygge hus mellom Brømnes og Ristøl, med seks mot tre stemmer.

Saka galdt søknad frå grunneigar Leif Ristøl om å frådele til tomt for Ole Glenn Tvermyr.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**