Eit radioaktivt utslepp frå Sellafield på vestkysten av Storbritannina vil være katastrofalt for Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet. Ei ulukke her vil i verste fall føre til 50 gonger så mykje radioaktiv nedfall i Noreg som etter Tsjernobyl. Det er etter Venstre sitt syn pinlig at den norske Regjeringa gjennom Oljefondet investerer i ei slik potensiell miljøbombe mot norske hav- og kystområde.
Sogn og Fjordane Venstre meiner Regjeringa overfor britiske styresmakter krev stengingsvedtak av Sellafield, og at Oljefondet trekker ut sine investeringar i atomgjenvinningsanlegget.
Kontaktperson: Marit B. Krogsæter, mobiltlf 909 98 121.