Kvangarsnes Venstre-topp i Fjaler

Hogne Kvangarsnes, Flekke er nominert øvst på Fjaler Venstre si liste til haustens kommuneval. Han er 56 år gammal og arbeider i vaksenopplæringa. Kvangarsnes er ein erfaren lokalpolitikarar med fem periodar bak seg i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


På ei solid liste med heile 29 kandidatar finn vi Marit Mjellem, Dale på 2. plass, mens Anne Erstad, Korssund er nominert som nummer tre. Ho har tidlegare vore medlem av Fjaler kommunestyre/formannskap i 12 år — og er no klar for "comeback" etter ein pause frå det politiske arbeidet.
Vidare på lista står: 4. Arne Osland, Flekke, 5. Ingunn Eiken, Dale og 6. Ståle Brattelid, Dale. På 7. plassen er den fremste ungdomskandidaten Christoffer Stølen, Hellevik nominert. Han har tidlegare vore ordførar i ungdommens kommunestyre i Fjaler. Noverande gruppeleiar og formannskapsmedlem Gudmund Solheim, Dale finn vi på 10. plass.

Heila lista ser slik ut:

1. Hogne Kvangarsnes, Flekke
2. Marit Mjellem, Dale
3. Anne Erstad, Korssund
4. Arne Osland, Flekke
5. Ingunn Eiken, Dale
6. Ståle Brattelid, Dale
7. Christoffer Stølen, Hellevik
8. Frank Igelkjøn, Flekke
9. Laila Svorstøl, Hellevik
10. Gudmund Solheim, Dale
11. Anne Overdevest, Dale
12. Yngve Åsnes, Straumsnes
13. Solbjørg Samdal, Flekke
14. Ramn Erstad, Korssund
15. Liv Sandsund, Dale
16. Johnny Haugsbakk, Flekke
17. Elfrid Solheim, Dale
18. Ørjar Eiken, Hellevik
19. Evy Solheim, Dale
20. Jonny Pedersen, Flekke
21. Harald Norddal, Dale
22. Lesley Wilson, Flekke
23. Jostein Sylta, Dale
24. Ivar Vårdal, Dale
25. Leonie Merts Koning, Flekke
26. Martin Mjellem Christiansen, Dale
27. Ragnhild Berger Follevåg, Flekke
28. Terje Høivik, Dale
29. Åsta Namtvedt, Hellevik

Venstre i Fjaler har i dag fire representantar og er såleis — til liks med Høgre — det neste største partiet i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**