Båtruter frå Vik til Sogndal

Like sikkert som våren kjem så kjem søknaden frå Vik eller Aurland om å få båtskyss til Sogndal for elevar som går i vidaregåande skule. Venstre har kvar gong desse sakene har vore oppe i samferdselutvalet og i fylkestinget støtta desse søknaden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Logo Venstre

Venstre synest at det er viktig å lytte til elevar og foreldre kva dei synest er beste løysinga. Det er dei som bur i Vik og Aurland som veit kva som er best for dei. Vi trur ikkje at dette berre er ei rute for elevar vi trur at denne ruta kan bli like viktig for folk som vil jobbe i Leikanger/Sogndal.

Venstre vil legge til rette for at flest mogeleg av elevane som vil det kan bu heime. Vi tru at det er viktig at ungdomen bur heime når dei går på vidaregåande. Dei kan då være med på aktivitetar i bygda, dette er ein fordel både for bygda og for ungdomen. Det er og ein fordel for helefylket. Det er ein klar samanheng mellom hybelbuarar og "droppout". Det at du har ei sterk tilknyting til bygda og livet der i ungdomsår gjer at du lettare søker tilbake til heime fylket etter avslutta utdanning. Dersom du også veit at du kan busette deg på heimstaden, men har gode muligheiter med enkle arbeidsrute til stader der det fins ulike arbeidsutfordringar å velje mellom.

Venstre har i fylkestingsprogrammet sagt at vi skal jobbe for ei skule /arbeidsrute mellom Sogndal/Lærdal og Vik /Aurland. Dette vil gi eit godt bu og arbeidsområde som vil styrke heile regionen. Fylket treng ein samferdselpolitikk , slik at vi får vekst og utvikling. Vi må tenke framtidsretta og langsiktig det er ikkje nok å ta avgjer etter at elevane har søkt skuleplass å fått seg hybel, og så evaluere det etter eit å år og seie at det var misslukka. Ting tar tid så her må ein minst tenke eit par år fram i tid. Timeslange reiser med buss er ikkje noko godt alternativ.

Lesarinnlegg av
Fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter og leiar i Vik Venstre Morten Holmberg

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**