Borghild Tenden (V): Jeg har følgende spørsmål:
«Det at én milliard kroner til samferdselsformål står ubrukt har provosert mange. Fagetatenes underlagsrapport til ny nasjonal transportplan viser at miljøutfordringene og økt tilflytting til de store byene våre gjør at staten må bidra mer til utbygging av kollektivtrafikken. Samtlige partier bruker nå stadig mer penger på samferdsel, men det som er like viktig er hvor klokt disse pengene brukes. I Aftenposten onsdag 9. mars går det frem at jernbanedirektøren ønsker en mer helhetlig utbygging og økt konkurranse.
Er statsråden enig i dette?»
Akhtar Chaudhry hadde her overtatt presidentplassen.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det har vore ei rekkje presseoppslag om at løyvingane for 2010 til samferdselsføremål ikkje vart brukte opp. Eg kan forsikra representanten Tenden om at prosjekta blir gjennomførde og pengane brukte. I høve til samla disponible midlar på om lag 9,6 mrd. kr på Jernbaneverkets budsjett for 2010, var det eit mindreforbruk på netto 396 mill. kr.
I 2010 var det på investeringsbudsjettet eit netto mindreforbruk på om lag 645 mill. kr. Om lag 230 mill. kr av desse kjem av at ferdigstillinga av nokre prosjekt viste seg å vera billegare enn det som vart budsjettert med for 2010. Resten, om lag 415 mill. kr, kjem av forseinka framdrift på igangsette investeringsprosjekt. Særleg kjem dette av at Jernbaneverket framleis manglar signalfolk.
Beløpet på 415 mill. kr vil etter vanleg prosedyre bli overført til 2011 til bruk for dei prioriterte prosjekta. Innsparinga som følgje av reduserte kostnader, er brukt til drift og vedlikehald som ein ekstra innsats for å betra driftsstabiliteten i togtrafikken. Slik kunne vi unngå dei same vinterproblema som i 20092010. Vinteren i år har når det gjeld vêret vore mykje lik fjorårets vinter. Driftsproblema i togtrafikken har likevel på langt nær vore så store. Eg vil på denne bakgrunnen hevda at omdisponeringa langt på veg har vore vellykka.
Disponible løyvingar til samferdsel skal brukast på ein klok måte. Det er dette som er meininga med Nasjonal transportplan, som skal gje ei heilskapeleg prioritering av ressursbruken på tvers av dei ymse transportmidlane, og der vi samtidig får fram korleis midlane skal prioriterast internt i den einskilde sektoren over ein tiårsperiode.
I samband med ny Nasjonal transportplan i 2013 vil det bl.a. vera viktig å vurdera utbyggingsstrategien av det norske jernbanenettet, slik jernbanedirektøren tek til orde for i sitt intervju med Aftenposten. Det gjeld bl.a. større samanhengande utbyggingsparsellar av dobbeltspor på intercitystrekningane, og korleis utbygginga eventuelt skal organiserast og finansierast. Det går no føre seg, som grunnlag for arbeidet med rulleringa av Nasjonal transportplan, ei rekkje utgreiingar i regi av Jernbaneverket som Samferdselsdepartementet har teke initiativet til. Ei konsekvensutgreiing av ei meir samanhengande dobbelsporutbygging på intercitystrekningane på Austlandet og ei større utgreiing om bygging av høgfartstog mellom dei største byane i Sør-Noreg, er to av fleire døme.
Eg er oppteken av at Jernbaneverket driv si verksemd mest mogleg effektivt. Viss jernbanedirektøren meiner at dette kan skje gjennom auka konkurranse om jernbaneprosjekt, og dette bl.a. ikkje er negativt for tryggleiken innanfor jernbana, tek eg det med meg i det vidare arbeidet.
Borghild Tenden (V): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg vil komme litt tilbake til det, for jeg synes ikke hun svarte helt på det jeg spurte om.
Det er mange gode formål å bruke penger på innenfor samferdselssektoren. Mandag i forrige uke hadde jeg den glede å kjøre Bybanen i Bergen i rushtiden. Jeg kunne med egne øyne se hvilken suksess dette var. Jeg håper statsråden også har kjørt denne banen.
Venstre var i regjering en sterk pådriver for Bybanen. Nå har de store planer i Bergen om utvidelse mot Flesland, deretter mot Åsane, som vil innbefatte Norges Handelshøyskole og senere til Fyllingsdalen via Haukeland sykehus. Det er imidlertid svært dyrt med baneløsninger, noe statsråden helt sikkert er klar over. Er bybaneutbygging noe statsråden vil prioritere, og hvis ikke, har statsråden noen tanker om hvordan finansieringsspørsmålet kan løses, slik at viktige bybaneutbygginger kan realiseres?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det kunne vore interessant å lufta dette med bybane i ein noko større samanheng enn som ein del av mindreforbruket i 2010. Men lat meg understreka at i Soria Moria II står det at det er regjeringas ansvar å sørgja for at fylkeskommunane har dei midlane som trengst òg for å sikra eit godt kollektivtilbod, òg midlar til bybane der det er aktuelt.
Det er ei problemstilling som må lyftast meir fram i samband med arbeidet med ny Nasjonal transportplan.
Det er snakk om svære midlar dette, så det må, som representanten Tenden er inne på, gå føre seg ei nøyare drøfting av prioriteringar enn vi har hatt høve til så langt.
Borghild Tenden (V): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er fullstendig klar over at det er fylkeskommunens ansvar, men det kommer nå mange positive signaler bl.a. fra veidirektøren, Terje Moe Gustavsen. Han sier at befolkningsveksten og høyere inntekter vil føre til økt trafikk først og fremst i storbyområdene, og at kollektivsatsingen derfor er nødvendig.
Jernbanedirektøren ønsker en mer helhetlig utbygging, som jeg nevnte i mitt spørsmål, og hun ønsker også mer konkurranse. Hvis Aftenposten har sitert samferdselsministeren rett 10. mars, støtter hun opp om dette. Kan samferdselsministeren si litt mer konkret om hva hun tenker om fremtidige finansieringer og økt konkurranse?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Som eit grunnlag for arbeidet med ny Nasjonal transportplan har òg Samferdselsdepartementet bestilt ei eiga utgreiing som går på omgrepet «kost-nytte», korleis vi brukar dette i dag, og om det er alternative måtar i bruka sjølve omgrepet på. Vi har òg bestilt ei utgreiing som går på erfaringar med ulike finansieringsformer frå andre land.
Når det gjeld jernbanen, vil eg seia at jernbanedirektøren no tenkjer spennande tankar som vi vil få høve til å drøfta nærmare i samband med ny Nasjonal transportplan. Det er òg viktig å vidareutvikla dei kontraktstrategiane som dei har i dag, å utvikla ein berekraftig leverandørmarknad. Så vil eg svara eit klart ja på at eg meiner staten må bidra i større grad enn i dag med tilskot til bybana.