Hordaland Venstre søkjer valkampsekretær i 50% stilling

for perioden 1. juni t.o.m. 30. juni, og frå 1. august fram til valet 12. september. Særskilde tilhøve kan opne for forhandling om stillingsperioden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Naturlege oppgåver vil vere medieoversikt, mediekontakt og utarbeiding av pressemeldingar og lesarinnlegg for fylkestingskandidatane. Sekretæren vil inngå i eit valkampsekretariat kor sekretæren har eit særskild ansvar for den praktiske avviklinga av fylkesvalkampen. Stillinga inneber førebuande arbeid i juni, og bistand med praktisk gjennomføring og førefallande arbeid i den korte valkampen i august og september.

Søkaren bør ha erfaring med valkamp, kunne arbeide med stor sjølvstende og vere initiativrik. Søkaren må dele Venstre sitt politiske grunnsyn og bør skaffe seg inngåande kjennskap til Hordaland Venstre sitt fylkesprogram. Det er ein fordel med brei erfaring frå partiet. Ein må rekne med ein del arbeid på ettermiddag og kveld. Det er også lagt opp til noko reiseaktivitet.

Det er naudsynt at søkaren kan nytte begge målformer.

Spørsmål om stillinga kan rettast til valkampleiar Gunn-Vivian Eide på telefon 92 41 72 56 eller valkampsekretariatsleiar Tallak Rundholt på telefon 48 23 37 75.

Søknad og CV sendes til Hordaland Venstre, St. Jakobsplass 9, 5008 Bergen
eller på e-post til [email protected].

Søknadsfrist: 31. mars
Arbeidsstad: Bergen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**