Valliste for Venstre i Vaksdal?

Det føregår eit arbeid for at innbyggjarane i Vaksdal igjen skal kunna røysta på ei Venstreliste ved kommunevalet til hausten. Vaksdal er ein av svært få kommunar i Hordaland som ikkje hadde Venstreliste ved siste lokalval. Søndag 20. mars kjem generalsekretær i Venstre, Terje Breivik, til Vaksdal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Han vil orientera om Venstre, aktuelle politiske spørsmål og situasjonen framfor valet. Terje Breivik er som kjent tidlegare ordførar i Ulvik.

Deretter blir det samtale med tanke på organisering av liste.

Møtet er i Camillas kro, søndag 20. mars kl. 19.30 — og alle som er nysgjerrige på Venstre og interesserte i den vidare utviklinga i Vaksdal, og, er svært velkomne!

Interesserte som er forhindra frå å koma på møtet søndag 20., kan ringja 91171590 (Torstein Gunnarson) eller 91639400 (Leif Tore Xe).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**