Kjell Yri er ein røynd poilitikar som har lang fartstid i Venstre, og han har vore i mange ulike komitear i kommuenen og kjenner såleis Kvinnherad og innbyggarane her svært godt. Han er i dag tilsett i kommunen og har kontakt med dei fleste verksemdene gjennom sitt arbeid.
Vi meiner at Kjell Yri vil vera ein særs god ordførar for Kvinnherad. Han er uredd, han står fast ved lovnadane han kjem med og følgjer opp saker han tek tak i på ein framifrå måte. Han står for ein open og inkluderande politikk der einskildmenneska står i fokus. Kjell har gjennom år som aktiv politikar arbeidd for at kvinnheringane skal ha innsyn i alle avgjerder som vert tekne av politikarane.