Venstreliste i Valle for første gong sidan 1971

– Det blir Venstreliste i Valle, seier Ann Christin Jacob, som har 8 namn klare alt nå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Ann Christin Jacob, Odd Einar Dørum, Øyvind Jacob og Steinar Homme

Ann Christin Jacob, Odd Einar Dørum, Øyvind Jacob og Steinar Homme
Foto: Jan Kløvstad

På eit møte med Odd Einar Dørum 8. mars la Ann Christin Jacob fram det solide listeforslaget, og nå er det berre igjen litt rekrutteringsarbeid for å utvide lista enda meir.

21. mars er det Venstreskole og start på programarbeidet.

– Vi må heilt tilbake til 1971 for å finne ei liste med venstrenamnet på, og i 1975 stilte Det liberale folkepartiet liste for siste gong i Valle, fortel fylkessekretær Jan Kløvstad. Dei to partia blei slått saman igjen i 1988, og er nå klare for å vere med på å bygge Valle vidare.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**